Sherborne

Koordinatar: 50°57′N 2°31′W / 50.950°N 2.517°W / 50.950; -2.517
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sherborne

Plassering
Sherborne is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Dorset
Distrikt West Dorset
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

9 350
Koordinatar 50°57′N 2°31′W / 50.950°N 2.517°W / 50.950; -2.517
Diverse annan informasjon
Postnummer DT9
Telefon-retningsnummer 0 1935
Commons har multimedium som gjeld: Sherborne

Sherborne er ein marknadsby i det nordvestlege Dorset i England. Han ligg ved elva Yeo i enden av Blackmore Vale, omkring 10 km austom Yeovil. Han er eit populært turistmål blant britar, men nokså ukjent for utanlandske turistar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I angelsaksisk tid var byen kjent som Scirburne, som tyder klår straum / elv. Byen vart hovudstad i Wessex, eit av dei sju store kongerika i England i mellomalderen. Kongane Ethelbert og Ethelbald av Wessex er gravlagt i Sherbourne Abbey.

I 705 vart Winchester bispedømme delt mellom Sherbourne og Winchester, og kong Ine grunnla ein katedral for St. Aldhelm, den første biskopen av Sherborne. Bispesetet vart i 1075 flytta til Old Sarum, og katedralen vart knytt til eit benediktinarkloster. På 1400-talet vart klostret brunne ned av borgarane etter strid mellom byen og klostret. Det vart gjenoppbygd mellom 1425 og 1504. Nokre normanniske element er verna. I 1539, i samband med oppløysinga av klostra under reformasjonen, vart det kjøpt opp av sir John Horsey. Katedralen vart då ei anglikansk soknekyrkje.

1100-talet bygde Roger de Caen, biskop av Salisbury og rikskanslar i England, eit slott. Det vart øydelagt i 1645 av general Fairfax. Ruinane høyrer til English Heritage. Sir Walter Raleigh bygde ein elisabetansk herregard på eigedomen til slottet, og denne bygningen er no kjent som Sherborne slott.

King Edward's public school er ein privatskule som først vart grunnlagt av kong Alfred. Han vart seinare nedlagt, og såg gjenoppretta i 1550 under det noverande namnet sitt. Han brukar nokre av bygningane som tidlegare høyrde til katedralkomplekset. Han blir rekna som ein av dei beste skulane i Storbritannia.

Byen har òg to fattighus frå viktoriansk tid, bygde i mellomalderstil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]