Sheringham

Koordinatar: 52°56′N 1°13′E / 52.933°N 1.217°E / 52.933; 1.217
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sheringham

Sheringham sett frå Beeston Bumb. Havet ein ser er Nordsjøen.
Sheringham sett frå Beeston Bumb. Havet ein ser er Nordsjøen.
Sheringham sett frå Beeston Bumb. Havet ein ser er Nordsjøen.
Plassering
Sheringham is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Norfolk
Distrikt North Norfolk
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

7 143
Koordinatar 52°56′N 1°13′E / 52.933°N 1.217°E / 52.933; 1.217
Diverse annan informasjon
Postnummer NR26
Telefon-retningsnummer 0 1263
Commons har multimedium som gjeld: Sheringham

Sheringham er ein kystby i grevskapet Norfolk i England som ligg omtrent 6 km vest for Cromer. Byen hadde 7 143 innbyggjarar ved folketeljinga i 2001.

Frå gammalt av omfatta soknet Sheringham dei to landsbyane Upper Sheringham, eit jordbrukssamfunn, og Lower Sheringham, som dreiv både jordbruk og fiske.

Industrien i Sheringham var på toppen på seint 1800-tal og tidleg 1900-tal på grunn av jarnbana som gjorde det mogleg å frakte fisken raskare og meir effektivt til marknader rundt om. Gjennom 1900-talet flytta fokuset seg over heile Nord-Norfolk, frå berre fisk til delvis òg krabbar, hummar og sjøsniglar. Krabbe- og hummarfisket gjorde dei lokalet fiskarane storleverandørar av var til fiskemarknadane i London. Fiska etter sild og torsk vart mindre viktig det siste halve hundreåret saman med sniglefangsten. No har industrien minka drastisk, frå høgdepunktet på omtrent 200 båtar, til dagens flåte på berre åtte båtar som jobbar kvar for seg.

Det noverande Sheringham var ein gong Lower Sheringham, eit fiskevær for hovudlandsbyen, no kjent som Upper Sheringham. Det er ein jernbaneby som har utvikla seg frå då jernbanelinja Midland and great Northern Joint Railway Line vart bygd seint på 1800-talet. Dei fleste bygningane og butikkar i Sheringham vart bygd i denne perioden og tidleg på 1900-talet. Det er fleire interessante bygningar som brukte flint som bygningsmateriale, ein eigenleg ganske uvanleg stein i den tradisjonelle Norfolk-stilen.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]