Sherlock Holmes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sherlock Holmes (høgre) og dr. Watson, teikna av Sidney Paget

Sherlock Holmes er ein klassisk krimhelt skapt av den engelske forfattaren Arthur Conan Doyle. Sherlock Holmes er ein meisterdetektiv som brukar sporfinning og deduksjon som sitt beste hjelpemiddel.

Konsulterande detektiv[endre | endre wikiteksten]

Sherlock Holmes er hovudperson i meir enn 60 historier, inkludert fire romanar førte i pennen av Conan Doyle. Holmes er mest truleg fødd i starten av 1854. Han starta som privatdetektiv i 1878 og trekte seg tilbake i 1903. Partnarskapen hans med dr. Watson starta i 1881.

Holmes er den deduktive oppdagaren par excellence, han angrip alle kriminalgåter som eit vitskapleg problem. Kjenneteiknet er å finne samanhengar og spor i daglegdagse ting og gjenstandar som andre gjerne overser. Sherlock Holmes skildrar seg sjølv som ein «konsulterande detektiv», og meiner med det at han gjerne blir kontakta i ei sak når ho har vist seg å vera for vanskeleg for andre etterforskarar.

Holmes er inspirert av Edgar Allan Poe sin figur C. August Dupin, og i tillegg frå Emile Gaboriau sine romanar om detektiven Lecoq. I romanen A Study in Scarlet (En studie i rødt i bokmålsomsetjing) konfronterer Watson sjølv Holmes med desse samanlikningane. Sherlock Holmes er på ingen måte imponert:

«– De minner meg om Edgar Allan Poes helt, Dupin. Jeg ante ikke at slike personer fantes annet enn i oppdiktede historier.
Sherlock Holmes reiste seg og tente pipen. – De tror vel De gir meg et kompliment når de sammenligner meg med Dupin, sa han. – Nå, etter min mening var Dupin en nokså undermåls person. (…) Han hadde utvilsomt en smule analytisk evner, men han var på ingen måte det fenomenen Poe synes å tro.
– Har De lest Gaboriaus verker? spurte jeg. – Svarer Lecoq til deres oppfatning av en riktig detektiv?
Sherlock Holmes snøftet forakterlig. – Lecoq var en håpløs rotekopp, sa han sint. – Han hadde bare et forsonende trekk, og det var hans energi. Boken gjorde meg formelig syk. Oppgaven gjaldt å få identifisert en ukjent fange. Jeg kunne ha gjort det på fireogtyve timer. Lecoq brukte over seks måneder. Man kunne bruke den som en lærebok i hva en detektiv ikke skal gjøre …»

Dr. Watson[endre | endre wikiteksten]

Med i alle historiene om Sherlock Holmes er au den trufaste vennen hans, dr. John Watson, som ofte har sine eigne, men ikkje alltid heilt gode teoriar om dei mysteria som dei to undersøkjer. Watson er alltid full av beundring når Holmes endeleg avslører koss tinga verkeleg heng ihop. I historiene er det dr. Watson som er forteljarstemma ved at Watson er Holmes sin kronikør. Dei fleste forteljingane blir fortalde som rapportar noterte av Watson om Holmes sine løysingar på reelle brotsverk. I nokre seinare historier blir Watson kritisert av Holmes fordi han fortel dei som spennande og ikkje er detaljert og objektiv.

Tilhøvet Holmes og Watson er ein kriminalteknisk variant som er svært vanleg. Den norske Sherlock Holmes-eksperten Nils Nordberg har nemnt at det eigentleg berre er Watson som minner om eit levande menneske. Holmes er berre ei samling eigenskapar: «det geniale var ikke at Conan Doyle oppfant Holmes, men at han oppfant Watson. Holmes alene ville virke irriterende med sin allvitenhet, sin intellektuelle kapasitet som så langt overgår ens egen, og sin ikke alltid sympatiske karakter.»

Udøyeleg[endre | endre wikiteksten]

Holmes sitt husvære
Statue av Sherlock Holmes ved Meiringen i Sveits
Baker Street 221 B, London, Holmes sitt husvære

I samtida var forteljingane om Sherlock Holmes så ekstremt populære at mange ikkje oppfatta han som ein fiktiv person. Sherlock Holmes gjorde adressa si på Baker Street 221 B like så udøyeleg som han sjølv blei. Sjølv om adressa var fiktiv, er ho grunna populariteten til bøkene blitt oppretta, og Baker Street er såleis ei av dei mest kjende gatene i verda og eit populært turistmål. I 1990 opna Sherlock Holmes Museum i Baker Street, i ein bygning frå 1815. Over døra står den framleis like fiktive adressa «221B». Det har au vore eit lokomotiv oppkalla etter Holmes.

Det finst tallause foreiningar der studium av Sherlock Holmes og hans skapar er føremålet. Fans gjer enno pilegrimsferder til Reichenbach-fossen i Sveits, der Holmes møtte sin endelege lagnad i møte med erkefienden, professor Moriarty. Og framleis stridst dei lærde om Holmes studerte ved Oxford eller Cambridge.

Holmes har ein eldre bror, Mycroft Holmes, som opptrer i tre noveller; «The Greek Interpreter» («Den greske tolk»), «The Final Problem» («Det endelege problemet») og «The Bruce-Partington Plans» («Planene til Bruce-Partington»), men han blir au omtala i ei rekkje andre.

Den mest anerkjende «biografien» om Holmes er Sherlock Holmes of Baker Street skriven av William Stuart Baring-Gould. Ettersom Holmes er reservert om familiebakgrunn og tidleg liv har Baring-Gould skaffa dette for han. I følgje Baring-Gould blei Sherlock Holmes fødd i Yorkshire som den yngste av tre søner til ekteparet Siger Holmes og Violet Sherrinford, men det er sjølvsagt holmesiansk spekulasjon. Dei dedikerte tilhengarane av slike fabuleringar ser på Holmes og Watson som ekte menneske, og at sir Arthur Conan Doyle heilt enkelt berre var ein litterær agent for den verkelege forfattaren, nemleg dr. Watson!

I 2002 blei Sherlock Holmes vald inn som æresmedlem av Royal Society of Chemistry («Det kongelege kjemiske selskapet»), ei påskjønning for bidraga hans til teknisk etterforsking. Det er vel den einaste fiktive personen som har oppnådd ei slik anerkjenning. -->

Byrjinga[endre | endre wikiteksten]

Conan Doyle fortel i memoara sine at da han fekk ideen om å skrive ei forteljing om ein detektiv kom minna om hans gamle lærar Joseph Bell (1837–1911) tilbake. Joseph Bell var forelesar på Det medisinske fakultet på Edinburgh University og var også personleg kirurg for dronning Victoria når ho besøkte Skottland. Bell meinte at kunsten å oppklara brotsverk burde vera like eksakt som vitskapen. Han la alltid vekt på tett observasjon før ein kunne trekkje ein konklusjon eller stille ein diagnose. For å illustrere dette bruka han under forelesingane sine å trekkje fram ein ukjend person og ved å observere han dedusere yrke hans og dei siste aktivitetane hans.

Sir Arthur Conan Doyle møtte Bell i 1877 og var assistenten hans ved Det kongelege hospitalet i Edinburgh. Dr. Bell var merksam på at figuren Sherlock Holmes var laust basert på ha sjølv og var noko stolt av det. Slik kunsten møter røynda blei det sistnemnde kunst att da (oppdikta) forteljingar om Joseph Bell blei filmatiserte som TV-serie av BBC: Murder Rooms: The Dark Beginnings of Sherlock Holmes, der Bell blei spela av Ian Richardson. Assistenten hans var ein ung mann ved namn Conan Doyle!

Fornamnet 'Sherlock' var avleidd frå ein cricketspelar, men nokre tidlege notat indikerte at Conan Doyle ei stund tenkte å kalle han for Sherrinford Holmes. Etternamnet kom fra Oliver Wendell Holmes, ein amerikansk medisinar, men mest kjend som poet, og som Conan Doyle beundra.

Dr. John H. Watson er for øvrig bygd på ein kompis og kollega av Conan Doyle: dr. James Watson frå Southsea. Pussig nok, da Rudyard Kipling gratulerte Conan Doyle med suksessen spurde han: «Kan dette vera min gamle venn, dr. Joe?»

Film[endre | endre wikiteksten]

Holmes si pipe, hatten hans, og aukeglaset hans i stua i London.

Figuren Sherlock Holmes er ein av dei som har blitt oftast filmatisert med over 200 filmar på 1900-talet. 79 forskjellige skodespelarar har prøvd krefter med den namngjetne detektiven, mellom dei danske Viggo Larsen, som var med i heile 6 filmar. Den aller første kjende filmen med Holmes er «Sherlock Holmes Baffled» frå 1900, laga av American Edison Company, som varte i knapt eitt minutt. Mange tilsvarande filmar blei produserte i byrjinga av hundreåret, og dei mest spesielle frå dei første åra var faktisk dei 13 filmane som blei produserte av det norske selskapet Nordisk Film Company mellom 1908 og 1911.

Den kanskje mest kjende historia er The Hound of the Baskervilles (Hunden frå Baskerville) frå 1902, som er blitt filmatisert tallause gonger og blir rekna av mange som ein av dei beste kriminalromanane nokon gong. Ein tysk versjon, Der Hund von Baskerville (1937), var den eine av to filmar som blei funne i Førarbunkeren (Hitler sin bunker) i 1945 da sovjetarane tok han. Den andre var au om Sherlock Holmes: Der Mann, der Sherlock Holmes war (1937).

Nemnast kan au filmen Without a Clue frå 1988 med Ben Kingsley som Watson. Det var ein intelligent komedie der Watson var det sanne geniet av duoen og Holmes var ein fiktiv figur dikta opp for å skjule eigen kamp mot kriminalitet. Krav frå publikum tvinga han til leige ein håplaus skodespelar, både alkoholisert og ein damevenn, spela av Michael Caine, til å førestille Holmes.

Skodespelaren som truleg har nådd det største publikummet som Sherlock Holmes er Jeremy Brett gjennom fjernsynsserien The Adventures of Sherlock Holmes (1984–94).

Den første historien om Holmes, A Study in Scarlet stod på trykk i Beeton's Christmas Annual 1887.

Holmes på trykk[endre | endre wikiteksten]

Conan Doyle skreiv fire romanar og 56 noveller om Sherlock Holmes. Nær alle blei fortalde av dr. Watson, med unnatak av to som blir fortalde av Holmes sjølv og enda to som blir fortalde av ein tredje person. Dei første forteljingane blei utgjevne som føljetongar i tidsskrift, spesielt The Strand, i løpet av tidsrom på 40 år. Det var ei vanleg form for utgjeving den tida; Charles Dickens skreiv litteratur i tilsvarande form. Forteljingane om Holmes dekkjer ein periode frå rundt 1878 og opp til 1903, forutan ei aller siste kriminalsak i 1914.

Også seinare forfattarar har skrive Sherlock Holmes-historier, som Colin Dexter og Umberto Eco.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Sherlock Holmes – syv hendelser fra hans liv og virke, sir Arthur Conan Doyle. Innleiing ved Nils Nordberg. Oslo 1972

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Teksten til Sherlock Holmes-historier ved Wikisource.

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Sherlock Holmes
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sherlock Holmes