Shetlandsponni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shetlandsponniar rundt 1900

Shetlandsponnien er den minste av ponnirasane frå dei britiske øyane, og har opphavet sitt på Shetlandsøyane.

Raseskildring[endre | endre wikiteksten]

Shetlandsponnien er svært liten, og eit vakse dyr skal ikkje vere meir enn 107 cm i mankehøgd. Sjølv om dei er små, er dei svært sterke, og kan utan vanskar bere ein liten ryttar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I minst 2000 år har det funnest små hestar på Shetlandsøyane. Det er kjent frå andre dyrepopulasjonar at dyr som lever på øyar kan utvikle mindre storleik på grunn av sparsam næringstilgang. Truleg er det slik shetlandsponnien har sett dagens lys. Shetlandsponniane er robuste, små dyr som gjennom tidene har vorte brukt mellom anna som kløvhestar til å frakte torv. Dei har også vore mykje brukt som gruveponniar på dei britiske øyane.

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

I dag finst shetlandsponnien over heile verda. I Noreg vert det fødd godt over hundre registrerte føl i året.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste shetlandsponniane blir brukte som ride- eller køyreponniar for barn eller som selskapsdyr.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Shetlandsponni