Shinnecockfolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kartet viser dei tidlegare territoria til dei algonkinskspråklege stammene i søre Ny-England.

Shinnecockfolket eller Shinnecock Indian Nation er ei stamme av amerikanske urfolk som sidan 1641 har vore busett ved Southampton lengst aust i the Hamptons, nærme austenden av Long Island i staten New York. Dei tala tidlegare shinnecock-språket, eit utdøytt aust-algonkinsk språk, som blir rekna som ein dialekt av mohegan-pequot-språket.

Mange slo lag med Brothertown-indianarane i New York og miste dermed den offisielle stammestatusen. Kring 150 medlemmer bur framleis i det om lag 3000 mål store Shinnecock-reservatet 5 kilometer vest for tettstaden Southampton. Det har vore svært mykje inngifte med afroamerikanarar, så genetisk sett er urfolkssærpreget deira mykje utvatna.[1]

Stamma, som har offisiell status som urfolk i staten New York, gjekk i 2005 til rettssak for å få att om lag 14 000 mål land og ein stor erstatningssum for det dei meiner var urettmessig ekspropriasjon av landområde. Det omstridde området inkluderer Shinnecock Hills Golf Club, som dei hevdar inneheld stammegravstader.

Høvding Nowedonah, bror av høvding Wyandanch frå montaukettstamma forhandla ein avtale med engelske kolonisatorar i 1641. Denne avtalen innebar overføring av åtte engelske kvadratmil land i bytte for “sixteen coates and sixty bushels of corn”. Kjernen i rettssaka er ein avtale frå 1703 mellom Southampton og stamma om ein tusenårig leigeavtale. Saksøkarane hevdar at ei gruppe av mektige investorar konspirerte for å bryte avtalen i 1859 gjennom å sende ein falsk petisjon frå ei gruppe av shinnecockfolk. Sjølv om andre shinnecockfolk omgåande protesterte og hevda at petisjonen var forfalska, godkjende Legislaturet salet av 14 000 mål.[2]

Shinnecock indianarreservat er eit sjølvstyrt statsreservat under New York med ei presbyteriansk kyrkje og eit samfunnshus. Reservatet held pow wow kvart år i Labor Day-helga.

I desember 1876 omkom 28 shinnecockmenn da dei prøvde å berge eit skip som hadde stranda utanfor East Hampton.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]