Shinobue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shinobuefløyter med 6 og 7 hol.

Shinobue (篠笛) er ei horisontal bambusfløyte, oftast med sju fingerhòl. Det finst også shinobue med færre fingerhòl. Fløyta er vidt nytta i ulike folkemusikalske og utøvande kunstsjangrar i Japan: til dømes festivalmusikk (matsuribayashi 祭囃子), løvedans (shishimai 獅子舞), shinto-inspirert kagura-rituale (神楽) og buddhistisk folkedans bon’odori (盆踊り). Instrumentet er dessutan eit viktig innslag i ensemblemusikken til det kjende kabuki-teateret (歌舞伎).

Shinobuespelet er kjend for sine livlege, raske melodiske passasjar fulle av mikrotonale ornament. Slike ornament får ein fram ved å variere opninga av fingerhòla, og ved å bøye hovudet lett fram- eller bakover medan ein spelar (meri og kari). Det finst i dag tolv slag shinobue-instrument, med ulik lengde, ulik storleik på fingerhòla og ulik avstand mellom desse. Instrumenta gjev såleis ulike tonehøgder, og kan lettare nyttast i samspel med ulike instrument. I kabuki-teateret vert alle tolv nytta, i folkesjangrane oftast berre ein til to slag.

Dei seinare tiåra har mange shinobue-spelarar vore engasjerte i eksperimentelle crossover-sjangrar.