Shishi middelskule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Shishi middelskule (forenkla kinesisk:石室中学,文翁石室,pinyin: shíshì zhōngxúe,wén wēng shíshì) ligg i Chengdu i Sìchuān, Kina. Han vart grunnlagd mellom 143 f.Kr. og 141 f.Kr. i Handynastiet av Wen Weng og er Kinas første lokale offentlege skule. Han er også verdas eldste ungdomsskule. Shishi tyder ‘steinhus’ på kinesisk og viser til korleis skulen vart bygd.

Shishi middelskule vart Chengdu normalskule (成都师范学堂) under det nye utdaningssystemet som vart innførd i 1902 og sidan Chengdu middelskule (成都府中学) i 1904. Han vart omnemnt att (til Chengdu Shishi middelskule (成都石室中学)) i 1948. Han rangerer mellom dei 100 øvste middelskulane (7.–9. klasse) i Kina.

Kappestriden mellom elevane frå dei lågare klassetrinna i Chengdu om å komme inn ved Shishi er intens. For mange elevar er opptak ved Shishi ein heider til like med opptak ved universitet og gjev makelaust høve til å motta betre undervising enn vanleg i kjernefag. Dei fleste elevar ved Shishi skåra mellom dei øvste 10 % samanlikna med andre elevar ved avgangseksamen for den lågare middelskulen. For dei som ikkje skåra tilstrekkjeleg høgt på eksamen, og som har høgare innkome enn gjennomsnittet, finst FEC-programmet. FEC-programmet, som vert drive av ein kinesisk føretaksmann, nyttar utanlandske engelsklærarar for å hjelpe utvalde elevar med ekstra engelskundervisning.

Lenkjer[endre | endre wikiteksten]