Shoreham-by-Sea

Koordinatar: 50°50′N 0°16′W / 50.833°N 0.267°W / 50.833; -0.267
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Shoreham-by-Sea

Shoreham kyrkje
Shoreham kyrkje
Shoreham kyrkje
Plassering
Shoreham-by-Sea is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap West Sussex
Distrikt Adur
Grunnlagd 1000-talet
Geografi
Flatevidd
 - By

9,8 km²
Innbyggjarar
 - By (2001)
   - folketettleik

19 175
  1 956,6 /km²
Koordinatar 50°50′N 0°16′W / 50.833°N 0.267°W / 50.833; -0.267
Diverse annan informasjon
Postnummer BN43
Telefon-retningsnummer 0 1273
Commons har multimedium som gjeld: Shoreham-by-Sea

Shoreham-by-Sea, i daglegtale berre Shoreham, er ein by i West Sussex i England. Han ligg i, og er administrasjonssenter for, distriktet Adur.

Den eldste delen av byen, og hamna New Shoreham, vart grunnlagt av normannarane mot slutten av 1000-talet. Den noverande soknekyrkja i New Shoreham, St. Maria de Haura («i hamna») vart bygd innanfor eit tiår etter nedteikninga av Domesday Book (1086). Kyrkja i dag er berre halvparten så stor som den opphavlege, då delar har falle ned. Byen vart planlagt med eit regelmessig gatenett, som i stor grad har overlevt.

Brighton, Hove og Worthing byrja å vekse vart grunnlaget lagt for at Shoreham kunne bli ein aktiv hamneby, med aktiv handelstrafikk og fleire skipsverft. Hamna er enno i kommersiell drift. Shorehamfortet vart bygt for å forsvare hamna.

Shoreham Beach, sør for byen, var ein grusbanke som er bygd opp over fleire hundreår av kreftane i havet. Rundt 1900 byrja fleire å ta i bruk ombygde jernbanevogner som sommerhus i nærleiken av Shoreham Beach. Området der desse stod fekk tilnamnet Byngalow Town, og vart i ei kort tid heim for den britiske filmindustrien i den tidlege fasen. Under andre verdskrigen vart grusbanken fjerna av militære årsaker, og det er no anlagt moderne bustadområde der. Ein av dei få bygningane som overlevde utplaninga under krigen var Den gode hyrdes kyrkje, frå 1913.

Shoreham lufthamn, vest for byen, blir driven av byrådet i Brighton and Hove og distriktsrådet i Worthing i fellesskap. Det er planar om å utvide lufthamna, som er den eldste regulerte flyplassen i Storbritannia. Terminalen, i art deco-stil, er lista som ein bygning av historisk interesse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]