Shorte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Å shorte er eit finansuttrykk for å selje eit verdipapir (f.eks. ein aksje) før ein kjøper det. På den måten er det mogleg å tene pengar på kursnedgang. Dette er ein strategi som mellom andre hedgefond nyttar seg av.

For at det skal vera mogleg å selje eit verdipapir ein ikkje har, må ein leige det frå nokon som tenkjer å sitje langsiktig med det. Ein betaler utleigaren ein sum for dette. Etter at verdipapiret er kjøpt tilbake, helst til ein lågare kurs, kan leigeforholdet opphøyre, og ein kan innkassere ein eventuell gevinst.

Shorting er risikofylt. Vinnarpotensialet er begrensa sidan kursen ikkje kan gå lenger ned enn til null, mens tapspotensialet er uavgrensa pga. at det i teorien ikkje er noka øvre grense for kursen på verdipapiret.

Ein person som har selt eit verdipapir han ikkje eig og ventar på å kjøpe det tilbake, seier vi at «sit short».

Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.