Shotokan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Shotokan er ei av dei største greinene innanfor karate, og er utvikla av Gichin Funakoshi (1868-1957). Han har samla fleire kampsportar i lag med sonen sin, og shotokan-karate er resultatet av dette. Funakoshi regnas som den moderne karates grunnleggjar. Shõtõ var Funakoshis kunstnarnamn. Namnet betyr «vaiande furuer», men kan også bety «hus». Det er derfor denne karatestilarten kallast for Shotokan. I byrjinga var karatesporta ulovleg. Seinare fekk Gichin Funakoshi moglegheita til å demonstrere sporten offentleg. Då blei myndigheitene i Okinawa så imponerte at dei innførte karate som pensum i dei fysiske fangane i skulane.

JKA[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange forskjellige karateorganisasjonar i verda i dag som for eksempel WKF karate, Kyokushinkai Karate, fullkontakt og Shotokan karate. JKA er den organisasjona som er styst. JKA står for Japan Karate Association. Det er mange som lurer på kva forskjellane på dei forskjellige stilartanne er. I hovudsak er det at i WKF og i fullkontakt skal alle utøvarane som konkurrera være utstyrt med beskyttelse på hovudet, hender og føter, medan i Shotokan og Kyokushinkai karate er det påbydt med hanskar og tannbeskyttarar. I alle stilartane blir det brukt tannbeskyttare, brystbeskyttar og susp.

Sensei/Sempai[endre | endre wikiteksten]

Sensei er en japansk tittel som brukas om læraren og instruktørar i karate for å vise respekt for dei. Tittelen brukas på hovudinstruktøren i en karateklubb saman med namnet på instruktøren. Sensei er ikkje nødvendigvis den høgaste graderte i klubben. Sempai er en tittel som brukas om de andre instruktørane i klubben. Ordet betyr senior elev. Denne tittelen blir også brukt for å vise respekt for dei som har høgare grad.

Dojo[endre | endre wikiteksten]

En dojo er det same som ein treningshall. Når ein kjem inn i eller forlate ein Dojo må utøvaren alltid bukke for å vise respekt. Kjem ein utøver for seint til trening, må han eller ho sitje i Seiza (som betyr ”knesittande kvilestilling) i utkanten av Dojo’en heilt til Sempai seier i frå at man kan delta på treninga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]