Shuangyashan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Shuangyashan (gul) i Heilongjiang

Shuangyashan er eit byprefektur aust i provinsen Heilongjiang i Kina. I aust har Shuangyashan ei relativt kort grense mot Russland. Byprefekturet har eit areal på 26 483 km², folketalet vart i 2007 berekna til 1,5 millionar.

Byprefekturet Shuangyashan omfattar fire distrikt (区 ) og fire fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Shuangyashan har stor produksjon frå kolgruver, og tilverkar også stål, kjemikaliar, tømmer, byggematerialar, tekstilar, elektriske maskinar og matvarer. Produksjonen av stål den høgste i Heilongjiang, av kol den nest høgste.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]