Shuggie Otis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Shuggie Otis
Shuggie Otis by Sachyn Mital.jpg
Shuggie Otis ved Sachyn Mital
Verkeleg namn Johnny Alexander Veliotes, Jr.
Fødd 30. november 1953 (60 år), Los Angeles i California i USA
Instrument Vokal, gitar, bass, trommer, piano, orgel
Sjanger R&B, blues, gospel, jazz, soul, rock and roll, funk
Aktive år 1960-åra til i dag
Tilknytte artistar Johnny Otis, Al Kooper, Frank Zappa, The Brothers Johnson
Plateselskap Forskjellige

Shuggie Otis (fødd 30. november 1953 som Johnny Alexander Veliotes Jr.)[1][2]) er ein amerikansk songar-låtskrivar, plateartist og multiinstrumentalist.

Otis-songen «Strawberry Letter 23» (spelt av The Brothers Johnson) toppa Billboard R&B-lista og nådde femteplassen på Billboard Hot 100 i 1977.[2] Han hadde òg suksess i 1974 med singelen «Inspiration Information» (frå albumet med same namn), som nådde 56. plass på R&B-lista.[2]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Otis var fødd i Los Angeles i California som son av rhythm and blues-pioneren, musikaren, bandleiaren og impresario Johnny Otis og kona Phyllis. Namnet «Shuggie» (kort for «sugar») vart gjeven av mora då han var nyfødd. Otis byrja å spele gitar då han var to år gammal og spelte profesjonelt med faren frå han var 12 år gammal, og skjulte seg sjølv ofte bak mørke solbriller og ein falsk bart slik at han kunne spele med bandet til faren på nattklubbar han ikkje gamal nok til å kome inn.

Otis, hovudsakleg kjend som gitarist, syng og spelar i tillegg mange andre instrument. Medan han voks opp var han kraftig påverka av mange blues-, jazz- og R&B-musikarar som heldt til i sirkelen kring faren Johnny. Otis byrja å drive mot popmusikken i hans generasjon, som Sly Stone, Jimi Hendrix og Arthur Lee i bandet Love. I 1969 spurte Al Kooper Otis om å vere med på den andre i rekkja (Kooper Session) av Super Session-serien hans, der han tidlegare hadde hatt med seg Stephen Stills og Mike Bloomfield. Kooper og den då femten år gamle Oits spelte inn heile albumet i løpet av ei helg i New York. Like etter han kom attende til Los Angeles, spelte Otis, i lag med faren og songaren Delmar «Mighty Mouth» Evans, på albumet Cold Shot, som kom ut i 1969 på den Los Angeles-baserte Kent-etikken. Eit anna sjeldant album som desse tre spelte inn var Snatch & The Poontangs, der Otis spelte under pseudonymet «Prince Wunnerful».

Otis gav ut det første soloalbumet sitt seinare det året, kalla Here Comes Shuggie OtisEpic Records. Mange musikarar gjesta debutplata hans, som faren Johnny, Leon Haywood, Al McKibbon og Wilton Felder. Dette gav han eit godt rykte og fanga merksemda til B.B. King, som vart sitert i 1970-utgåva av Guitar Player at Otis var «den nye favorittgitaristen hans». Somme av artistane Otis spelte med på denne tida var Frank Zappa (elektrisk bass på «Peaches en Regalia» på albumet Hot Rats frå 1969), Etta James, Eddie Vinson, Richard Berry, Louis Jordan og Bobby 'Blue' Bland, blant mange andre.

Albumet Otis fekk mest merksemd for var det andre albumet hans på Epic Records frå 1971, Freedom Flight, med hitten «Strawberry Letter 23». Både albumet og singelen nådde Billboard Top 200 og Billboard Hot 100 og fanga merksemda til Brothers Johnson-gitaristen George Johnson, som så spelte plata for produsenten Quincy Jones. Dei spelte inn songen og han vart ein stor hit for dei. Sjølv om Otis spelte dei fleste instrumenta sjølv i studio, var det mange musikarar som medverka på albumet, som klaverspelaren George Duke og Aynsley Dunbar frå bandet til Frank Zappa, Journey og Whitesnake.

I 1974 gav Otis ut Inspiration Information, det tredje og siste albumet hans for Epic Records. Albumet hadde tatt nesten tre år og lage. Alle songane var skrivne og arrangerte av Otis sjølv, som spelte nesten alle instrumenta på albumet (utanom blåsarar og forskjellige strykeinstrument). Men trass i den lange ventetida, hadde Inspiration Information berre ein singel (tittelsporet) som nådde Billboard Hot 100. Etter albumet kom ut vart Otis møtt av Billy Preston på vegner av The Rolling Stones, som bad han med i bandet for den komande verdsturneen deira. Han avslo tilbodet og det same gjorde han med tilbodet til Quincy Jones om å produsere det neste albumet sitt. Etter ei rekkje liknande avslag, fekk Otis rykte på seg for «bruke tid», og platekontrakten med Epic Records vart kansellert. Det einaste Otis er oppført med i midten av 1970-åra er forskjellig studioarbeid for plateprosjekta til faren.

Inspiration Information fekk mange tilhengjarar i 1990-åra då rare groove og acidjazz oppstod.[treng kjelde] Det vart hylla av musikarar som Prince og Lenny Kravitz. På grunn av denne fornya interessa vart albumet gjeve ut på ny i april 2001 av det sjølvstendige selskapet til David Byrne, Luaka Bop Records. Denne utgåva inneheld dei ni originale albumspora, i tillegg til fire songar frå albumet Freedom Flight frå 1971 og nytt plateomslag.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Som tenåring fekk han ein son, Johnny III (kalla Lucky) med Judith Peters, som var betre kjend som Miss Mercy i The GTOs, ei «groupie-gruppe» og ein sosiologisk skapning av Frank Zappa. Eit par år seinare gifta han seg med Lillian «Teri» Wilson, dotter til trompetisten/bandleiaren og latin-jazz-pioneeren Gerald Wilson, og dei fekk sonen Eric, kalla opp etter bandkollegaen og den nære ven en til Wilson, Eric Dolphy.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

Samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Med The Johnny Otis Show

Med Al Kooper

Med Preston Love

Med Guitar Slim Green

Samplingar[endre | endre wikiteksten]

  • «Island Letter» sampla av Digable Planets for songen «For Corners» frå albumet Blowout Comb (1994).
  • «Strawberry Letter 23» sampla av DJ Quik for songen «Dollaz + Sense» frå albumet Safe + Sound (1995).
  • Òg sampla av OutKast for songen «Ms. Jackson» frå albumet Stankonia (2001).
  • Òg sampla av Beyoncé for songen «Be With You» frå albumet Dangerously In Love (2003).
  • «Rainy Day» sampla av Beyoncé for songen «Gift from Virgo» frå albumet Dangerously In Love (2003).
  • «Oxford Gray» sampla av RJD2 for songen «Ring Finger» frå albumet Since We Last Spoke (2004).
  • «Oxford Gray» sampla av Alchemist for songen «B.I.G T.W.I.N.S» frå albumet The Grimey Collection (2008).
  • «Not Available» sampla av J Dilla for songen «Donuts (Outro)» frå albumet Donuts (2006).
  • «Sweet Thang» sampla av Criolo for songen «Demorô» frå albumet «Ainda Há Tempo» (2006).

Gjesteartist[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «California Birth Index, 1905-1995 [database on-line»]. USA: The Generations Network. 2005. http://www.ancestry.com. Henta 1. juni 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Hogan, Ed. «Shuggie Otis Biography». allmusic.com. Rovi Corporation. http://www.allmusic.com/artist/p12100. «Born...Nov 30, 1953 in Los Angeles, CA» 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]