Shungwaya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Shungwaya (eller Shingwaya, Singwaya) er eit sogeomspunne område som skal ha vore ein stad på grensa mellom notidas Somalia og Kenya i Aust-Afrika, og er blitt rekna som årestaden for fleire austafrikanske folkegrupper.

Det er særleg knytt til mijikendafolka som no lever langs kysten av Kenya. Også folkegruppene swahili, kikuyu, meru, kamba, teita, asu, chaga, shambaa og digo er blitt knytt til området av nokre forskarar. Nøyaktig kva type stad og utstrekkinga av området omgrepet viser til, og om alle desse folkegruppene verkeleg har tradisjonar som seier at dei stammar derfrå, er omstridd.

Dokumentasjon[endre | endre wikiteksten]

Namnet Shungwaya finst på kart frå 1600-talet, utan fleire detaljar. Det er ikkje omtalt i arabiske kjelder frå 900-1400-talet. På 1800-talet blei det omtalt som staden der forfedrane deira kom frå av fleire av innbyggjarane i Mombasa. I swahilikrøniken Kitab al Zanj frå 1800-talet blir Shungwaya sagt å vera det same som den noverande kystbyen Bur Gao i Somalia. Seinare har ein funne Shungwaya, eller liknande ord, nemnd som arnestaden for fleire grupper bantufolk. Omgrepet er særleg nytta av mijikendafolka, som no bur i kystområda nær Mombasa.

Tolkingar[endre | endre wikiteksten]

Kva stad Shungwaya eigentleg viser til, har fått ulike tolkingar. Om det er éin by eller fleire, ein region eller ein stat, går ikkje klart fram av overleveringane.

Forskarar som James de Vere Allen har rekonstruert ein Shungwayastat som skal ha eksistert frå om lag 500 til om lag 1600. Staten skal ha dekt store område nord i Kenya og sør i Somalia, frå Tanga til Jubba-elva, og frå kyststroka til den sentrale Riftdalen. Han forklarte felles historie frå Shungwaya som opphavet til swahili-identitet. Allen brukte munnleg historie (og kinesiske nedteikningar) som bevis, men har fått kritikk for manglande kjeldekritikk.

Thomas Spear tok for seg shungwayatradisjonane til mijikendafolk og andre og tolka det som om mijikendaene var blitt fortrengde frå Shungwaya, ved den sør-somaliske kysten, av oromofolk på 1400-talet. Mijikendaene grunnla såkalla kaya, bygdeborger, som skal ha spegla planen til den opphavlege byen Shungwaya.

Nærare undersøkingar av austafrikansk arkeologi og fleire overleveringar tyder på at ein ikkje kan påvisa nokon eintydig stad eller stat som kan kallast Shungwaya. Framstillinga av eit rike som alle mijikendafolka forlèt samtidig er truleg også for enkel. I staden ser det ut til at ulike mijikendagrupper slo seg ned ved Mombasakysten over tid, og at forteljingane om eit forlate Shungwaya kan vera meir symbolske.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Helm, Richard, «Re-evaluating Traditional Histories on the Coast of Kenya: An Archaeological Perspective», i Andrew Reid, Paul J. Lane, African historical archaeologies 
  • Pouwels, Randall L. (1993), «Review: Swahili Civilization», The Journal of African History (Cambridge University Press) 
  • Willis, Justin (1994), «Review: Swahili origins: Swahili culture and the Shungwaya phenomenon, by James de Vere Allen», African Affairs (Oxford University Press on behalf of The Royal African Society)