Sibbhult

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 56°16′6.6864″N 14°11′47.026″E Sibbhult er ein tettstad i Östra Göinge kommun i Skåne län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 1 383 innbyggjarar, men sidan tettstaden dei siste åra har opplevd ekstrem fråflytting, er tala truleg mykje lågare i dag. Sibbhult ligg cirka 20 kilometer nord for Kristianstad og cirka 30 kilometer aust for Hässleholm.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Sibbhult er mest kjend på grunn av steinindustrien samt dei to konserna Scania, som produserer girkassar for lastebilar og bussar, og HAKI, som produserer byggstillas. I mars 2006 blei det kunngjort at Scania planla å flytte produksjonen til Södertälje.[1] Den 16. juni 2008 blei den siste girkassen produsert i Sibbhult,[2], men alt seinare same år var andre selskap i ferd med å overta lokala og dei tilsette med andre, liknande verksemder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]