Sibillinifjella
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sibillinifjella er ei fjellkjede i Italia og utgjer ein del av Dei sentrale Appenninane. Ho ligg mellom austlege område av Umbria og Marche, og består nesten utelukkande av kalkstein som vart danna frå 100 til 50 millionar år sidan. Dei fleste fjelltoppane er over 2000 meter og den høgaste er Monte Vettore på 2 476 m.
Sidan 1993 har området vore ein del av nasjonalparken Parco Nazionale dei Monti Sibillini
Den noverande topografien er dominert av U-dalar og nedsenkingar danna av isbrear. Det er òg enkelte karstformasjonar.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Sibillini Mounts frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
- Bernardino Gentili (April 2002) Collana dei Quaderni scientifico-divulgativi del Parco Nazionale dei Monti Sibillini – Aniballi Grafiche, Ancona.