Sibiu
| Sibiu | |||
|---|---|---|---|
|
|||
| Plassering | |||
|
|
|||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
| Fylke | Sibiu | ||
| Grunnlagd | 1191 | ||
| Borgarmeister | Klaus Johannis | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - By |
121 km² |
||
| Innbyggjarar[1] - Totalt (2007) - folketettleik |
154 458 1 276,5 /km² |
||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) |
||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 550000 | ||
| Retningsnummer (tlf) | +40 02 69 | ||
| Bilnummer | SB | ||
| Nettstad: www.sibiu.ro | |||
Sibiu (/si'biw/, tysk Hermannstadt; ungarsk Nagyszeben; jiddisk הערמאנשטאדט (Hermanshtadt) eller סזעבען (Szeben)) er ein av dei største byane i Transilvania i Romania med om lag 150 000 innbyggjarar. Han ligg på begge sider av elva Cibin, ei sideelv til Olt. Han er hovudstad i Sibiu fylke og ligg 282 km nordvest for Bucureşti.
Han er eit av dei største kultur- og religionssentra i Romania og eit viktig trafikknutepunkt sentralt i landet. Byen var tidlegare senter for transilvanske saksarar fram til den andre verdskrigen.
Sibiu var europeisk kulturhovudstad i 2007 i lag med Luxembourg.
Historie [endre]
Byen vart grunnlagd i 1190 av tyske nybyggjarar. Han vart truleg bygd nær ein romerske busetnad som tidleg i mellomalderen heitte Caedonia.
På 1300-talet var byen alt eit viktig handelssenter. I 1376 var handverkarane delt i 19 laug. Sibiu var den viktigaste etnisk tyske byen av dei sju byane som gav Transilvania det tyske namnet Siebenbürgen (som tyder sju byar) og var heimstad for Universitas Saxorum, det tyske rådet i Transilvania. På 1600-talet vart Sibiu rekna for å vere den austlegaste byen som var ein del av Europa, og han var òg den austlege endestasjonen for postrutene frå Europa.
På 1700- og 1800-talet vart byen det viktigaste senteret for transilvanske rumenarar.
Den første rumenskeigde banken hadde hovudkvarteret sitt her (Albina Bank). Etter at den rumensk-ortodokse kyrkja vart godteke av Habsburgmonarkiet frå 1860-åra og utover vart Sibiu sete for metropolittbiskop og byen vert i dag framleis rekna som eit av dei viktigaste sentra for den rumensk-ortodokse kyrkja. Mellom revolusjonane i 1848 og 1867 var Sibiu møtestad for den transilvanske dietten, som oppstod etter at Riket gav regionen stemmerett.
Etter den første verdskrigen, då Austerrike-Ungarn vart oppløyst, vart Sibiu ein del av Romania. Majoriteten av innbyggjarane var rumenske, men byen hadde òg store grupper med tyskarar og ungararar. Frå 1950-åra fram til 1990 reiste dei fleste tyskarane til Tyskland. Om lag 2000 av tyskarane er igjen i byen i dag, mellom anna den noverande borgarmeisteren Klaus Johannis (2008).
Bakgrunnsstoff [endre]
Reiseguide for Sibiu frå Wikivoyage- Biletgalleri på sabin.ro
- Biletgalleri på sibiuvirtual.ro
- Sibiu Live - Webkamera frå Sibiu
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Sibiu» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
|
|
||
|---|---|---|
| Historiske regioner: | Valakia • Moldavia • Transilvania • Dobrudsja | |
| Største byar: | Bucureşti • Iaşi • Cluj-Napoca • Timişoara • Constanţa • Craiova • Galaţi • Braşov • Ploieşti • Brăila • Oradea • Bacău • Arad • Piteşti • Sibiu | |
| Fylke: | Alba • Arad • Argeş • Bacău • Bihor • Bistriţa-Năsăud • Botoşani • Braşov • Brăila • Buzău • Caraş-Severin • Călăraşi • Cluj • Constanţa • Covasna • Dâmboviţa • Dolj • Galaţi • Giurgiu • Gorj • Harghita • Hunedoara • Ialomiţa • Iaşi • Ilfov • Maramureş • Mehedinţi • Mureş • Neamţ • Olt • Prahova • Satu Mare • Sălaj • Sibiu • Suceava • Teleorman • Timiş • Tulcea • Vaslui • Vâlcea • Vrancea | |
|
|
|
|---|---|
| Aten (1985) · Firenze (1986) · Amsterdam (1987) · Vest-Berlin (1988) · Paris (1989) · Glasgow (1990) · Dublin (1991) · Madrid (1992) · Antwerpen (1993) · Lisboa (1994) · Luxembourg (1995) · København (1996) · Thessaloníki (1997) · Stockholm (1998) · Weimar (1999) · Avignon, Bergen, Bologna, Brussel, Helsingfors, Kraków, Reykjavík, Praha og Santiago de Compostela (2000) · Porto og Rotterdam (2001) · Brugge og Salamanca (2002) · Graz (2003) · Genova og Lille (2004) · Cork (2005) · Pátra (2006) · Luxembourg og Sibiu (2007) · Liverpool og Stavanger/Sandnes (2008) · Vilnius (2009) · Essen, Pécs og Istanbul (2010) · Åbo og Tallinn (2011) |