Sicilia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Regione Siciliana
Sicilia-Bandiera.png
Italy Regions Sicily Map.png
Kart som viser plasseringa til Sardinia i Italia
Hovudstad Palermo
President Rosario Crocetta
Provinsar Agrigento
Caltanissetta
Catania
Enna
Messina
Palermo
Ragusa
Siracusa
Trapani
Kommunar 390
Areal 25 708 km²
 - Rangering 1. (8,5 %)
Folketal (2006)
 - Totalt 5 017 212
 - Rangering 4. (8,5 %)
 - Tettleik 195/km²
Heimeside www.regione.sicilia.it

Sicilia er ein autonom region i Italia, og den største øya i Middelhavet. Regionen har ei flatevidd på 25 700 km², og 5,0 millionar innbyggjarar.

Regionshovudstaden er Palermo, og provinshovedstadane er Catania, Messina, Siracusa, Trapani, Enna, Caltanissetta, Agrigento og Ragusa.

Regionsflagget er diagonalt delt med raudt over gult, med trinacriasymbolet i midten.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sicilia

Vulkanen Etna ligg i nærleiken av Catania. Mot nord ligg dei eoliske øyane, mot vest Egadiøyane, mot nord-vest Ustica og mot sørvest dei pelagiske øyane. Alle desse øyane er administrativt del av regionen Sicilia.

Sicilia har lenge vore rekna som ein Italia sitt kornkammer. Andre viktige jordbruksprodukt er oliven og vin. Svovelgruver kring Caltanissetta gav gode innkomer i det på 1700-talet, men gruvedrift har det vorte gradvis mindre av sidan 1950-talet.

Infrastruktur[endre | endre wikiteksten]

Øya har eit nettverk av motorvegar, og eit jarnvegdnett drive av det statlege selskapet Trenitalia.

Det er to internasjonale flyplassar: Palermo internasjonale flyplass og Catania-Fontanarossa flyplass. Det finst mindre flyplassar i Trapani og på øyane Pantelleria og Lampedusa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei tidlegaste kjende menneska på Sicilia var stammer som av greske forfattarar vart kalla elymarane, sikanarane og sikeliane. Den sistnemde var den siste gruppa som kom til øya, og høyrer til same folkegruppa som fleire stammer i det sørlege Italia.

Sicilia vart kolonisert av fønikarar, punarar fra Kartago og grekarar frå 900-talet f.Kr. Den viktigaste greske kolonien var Syrakus (i dag Siracusa) i 734 f.kr.; andre greske koloniar var Gela, Akragas (i dag Agrigento), Selinunt, Himera, Megara Hyblaea, Zankle, Leontini, Helorus og Messene. Dei vart oppretta som sjølvstendige bystatar, og utgjorde ein viktig del av Magna Graecia, det greske området som òg omfatta Sør-Italia. Sjølv om byane var sjølvstendige, hadde dei band til opphavsbyen, noko som førde med seg mellom anna athenarane sin sicilianske ekspedisjon under den andre peloponnesarkrigen.

I 1946 vart Sicilia ein autonom region, og i etterkrigstida har det kome store overføringar fra Cassa per il Mezzogiorno, eit fond for utvikling av det sørlege Italia.

Siciliansk språk[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om italiensk er det offisielle språket, talar dei fleste sicilianarane sin eigen dialekt som vert kalla Sicilianu. Det er eit romansk språk med mange lånord frå arabisk, høgtysk, katalansk, fransk og spansk. Det vert òg tala i Reggio di Calabria og det sørlege Puglia på det italienske fastlandet.

Provinsar[endre | endre wikiteksten]

stranda i Cefalu på Sicilia

Sicilia er inndelt i ni provinsar:


Flag of Italy.svg
Regionar i Italia
Abruzzo  | Basilicata  | Calabria  | Campania  | Emilia-Romagna  | Friuli-Venezia Giulia  | Lazio  | Liguria  | Lombardia  | Marche  | Molise  | Piemonte  | Puglia  | Sardinia  | Sicilia  | Toscana  | Trentino-Alto Adige  | Umbria  | Valle d'Aosta  | Veneto