Siderium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Siderium (gresk sideros, tyder «jern») er den første geologiske perioden i æraen paleoproterozoikum. Han varte frå tida 2500 millionar år sidan til 2300 millionar år sidan. I staden for å vere basert på stratigrafi er tidsperioden definert kronometrisk.

Det vart danna mykje lagdelte jernrike bergartar (BIF) tidleg i denne perioden. Desse berglaga vart danna av anaerobe algar som produserte oksygen som inngjekk i kjemisk sambinding med jern og dannar magnetitt (Fe3O4, eit jernoksid). Denne prosessen fjerna jern frå hava, som ein meiner på grunn av jernet til då hadde har ein grønaktig farge. Utan oksygensluket i havet, byrja prosessen å danne den oksygenrike atmosfæren ein har i dag. Denne hendinga vert kalla oksygenkatastrofen.

Huron-istida byrja i siderium for 2400 millionar år sida nog enda seint i rhyacium for 2100 millionar år sidan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Proterozoikum
Paleoproterozoikum Mesoproterozoikum Neoproterozoikum
Siderium Rhyacium Orosirium Statherium Calymmium Ectasium Stenium Tonium Kryogenium Ediacara