Siegfried Alkan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Siegfried Alkan (30. mai 185824. desember 1941) var ein tysk-jødisk komponist.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Alkan vart fødd i Dillingen i Saar i Tyskland den 30. mai 1858 som son av Johannes Alkan og Johanna Bonn i ein familie av forretningsmenn og musikarar. Gjennom mor si var han ein fjern slektning av komponistane Felix Mendelssohn, Fanny Hensel og Giacomo Meyerbeer. Det er uvisst om det er noko slektskap mellom Siegfried Alkan og pianisten og komponisten Charles-Valentin Alkan.

I 1938 vart den aldrande Siegfrid Alkan offer for «krystallnatta». Instrumenta hans vart øydelagde — og truleg mykje av musikken hans òg — og han vart sjølv banka til blods av nazistar. På slutten av livet sitt laut han bera den gule stjerna. Siegfried Alkan døydde den 24. desember 1941 i Mainz.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Mange av verka åt Alkan ser ut til å ha gått tapt. Mellom dei attverande komposisjonane er Gruß an die Saar (op. 32), O wüsstest du’s (op. 39), Neues Saarlied (op. 91) og Ur-Großmütterchen (op. 80), som var populær i tida etter første verdskrigen.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Opus 32: Gruß an die Saar
  • Opus 39: O wüsstest du’s
  • Opus 80: Ur-Großmütterchen
  • Opus 91: Neues Saarlied

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]