Siegfried Wolfgang Fehmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Siegfried Wolfgang Fehmer
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 10. januar 1911
München
Død

16. mars 1948 (37 år)
Oslo

Yrke advokat, Medarbeider i gestapo
Språk tysk
Politisk parti NSDAP
Medlem av NSDAP, SS
Siegfried Wolfgang Fehmer på Commons

Siegfried Wolfgang Fehmer (10. januar 191116. mars 1948) var ein tysk politimann som var medlem av nazipartiet (NSDAP) frå januar 1930. Frå 1934 var Fehmer tilsett i Gestapo. Han var stasjonert i Noreg frå april 1940 til slutten av krigen i 1945. Etter krigen vart han dødsdømt for krigsbrotsverk.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Fehmer, som var utdanna jurist, vart kriminalkommissær i Gestapo i 1936 og arbeidde først i Berlin, seinare i Aust-Pommern 1936-37, i Köslin 1937-39 og i Wiesbaden 1939-40.

Fehmer kom til Oslo 27. april 1940 som leiar av Spionage Abwehr. Han arbeidde særleg med spionasjesaker og saker vedkomande Milorg. I februar 1945 vart han avdelingssjef for SD (Sicherheitsdienst) avd. IV i Oslo med yrkestittel kriminalrat og rang av SS-Hauptsturmführer. Etter 7. mai 1945 prøvde han å gøyme seg i ein leir med tyske krigsfangar, men vart attkjend og arrestert.

Fehmer var i samvær med andre ein sjarmerande person. Under forhøyr av fangar kunne han derimot nytte seg av tortur. Han var kjend som ein av dei farlegaste motstandarane til heimefronten.

Høgsterett dømde Fehmer 24. februar 1948 til døden for krigsbrotsverk, dommen vart fyllbyrda tre veker seinare på Akershus festning framfor ein dødspelotong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. IV. Bandet. 1952

Sjå og[endre | endre wikiteksten]