Sierra Morena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sierra de Andújar, ein del av Sierra Morena

Sierra Morena er ei fjellkjede som strekkjer seg 400 km frå aust til vest i det sørlege Spania. Ho grensar mot det sentrale platået (Meseta Central) på Den iberiske halvøya og er vasskiljet mellom dalane til Guadiana i nord og Guadalquivir i sør.

Sierra Morena er skapt av løfting på grunn av trykk frå den afrikanske plata som pressar på nordover. Her finst førekomstar av bly, sølv, kvikksølv og andre metall, som har vorte vunne ut sidan førhistorisk tid.

Fjellkjeda ligg innanfor provinsen Jaén, og det skarpe passet skapt av elva Despeñaperros, med over 500 meter høge bratte fjellveggar, er den naturlege vegen gjennom Sierra Morena frå nord til Andalucia.

Det meste av Sierra Morena er verna del av naturparkar, som Despeñaperros, Sierra de Andújar (Jaén), Sierra de Cardeña-Montoro, Sierra de Hornachuelos, Sierra Madrona, Sierra Norte de Sevilla og Sierra de Aracena Huelva.

Fjellkjeda er nemnt i romanen Don Quixote

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sierra Morena

Kjelder[endre | endre wikiteksten]