Sierra del Escudo de Cabuérniga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den raude linja syner Sierra del Escudo de Cabuérniga.

Sierra del Escudo de Cabuérniga er ei fjellkjede som ligg mellom Dei kantabriske fjella og Biscayabukta, innanfor den autonome regionen Cantabria i Spania. Høgda varierer frå 600 til 1000 meter over havet.

Sierra del Escudo de Cabuérniga går parallelt til kysten, og ligg 15-20 km frå havet. Fjellkjeda har derfor vorte rekna som grense mellom La Marina (Kysten) og La Montaña (Fjellet). Fjellkjeda er delt fleire stader av kløfter som elvar frå Dei kantabriske fjella har grave ut på veg mot havet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]