Sierre

Koordinatar: 46°18′0″N 7°32′0″E / 46.30000°N 7.53333°E / 46.30000; 7.53333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sierre
Horisonten til Sierre
Horisonten til Sierre
Kommunevåpenet til Sierre
Kommunevåpenet til Sierre


Plassering
Sierre is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton Valais
Distrikt Sierre
Språk fransk
Borgarmeister François Genoud
Geografi
Flatevidd
 - kommune

19,2 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

15 527
  808,7 /km²
Koordinatar 46°18′0″N 7°32′0″E / 46.30000°N 7.53333°E / 46.30000; 7.53333
Høgd over havet 533 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 3960
Nettstad: www.sierre.ch

Sierre, (tysk; Siders), er ein by og ein kommune i distriktet Sierre i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 15 527 innbyggjarar (2010) og eit areal på 19 km². Sierre er hovudstad i distriktet og ligg 533 meter over havet.

Kommunen ligg ved grensa mellom fransk og tysk språk i Sveits. Sierre har ein større tyskspråkleg minoritet, og er ein av tre byar i Sveits som er offisielt tospråkleg. Området har stor tilgang på vasskraft, og har over 1 200 arbeidsplassar i smelteverksindustrien.

Kommunen ligg sentralt i Rhônedalen, ved høgrebreidda av elva. Den nærliggande elva Raspille vert rekna som språkgrensa mellom den fransk- og tysktalande delen av Sveits. Kommunen består av byen Sierre, landsbyane Granges, Noës og Muraz, og grendene og busetnadane Gerunden, Plantzette, Vieux-Sierre, Bourg, Glarey, Borzuat, Zervettaz, Villa d'en Bas, d'en Haut, Sous Géronde, Cuchon og Monderèche.

Sierre er innfallsporten til turiststader i Val d'Anniviers som består av landsbyane Vercorin, Chandolin, St-Luc Vissoie, St-Jean Chandolin, Grimentz, Zinal og Ayer. Sierre er knytt til Crans-Montana med ein kabelbane.

Lac de Géronde er ein liten innsjø i kommunen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]