Siffer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit siffer (frå arabisk as-sifr) er eit skriftsystem, eit symbol som vert nytta til å syne tal. I norsk og andre vestlege språk blir det nytta såkalla arabiske tal. Orda blir ofte brukt (feilaktig) som eit synonym for «tal», særskild i den statistiske samanhengen og liknande: Nye tal frå Statistisk sentralbyrå viser at partiet A har mista veljarar

Babylonske siffer[endre | endre wikiteksten]

Babylonske tal
For meir om dette emnet, sjå babylonske tal.

Babylonarane, som var kjende for sine astrologiske observasjonar og utrekningar (som var hjelpt av oppfinninga si abakus), nytta eit seksagesimalt talsystem (base 60) som dei arva frå den sumeriske og akkadiske sivilisasjonen. Babylonarane innført eit posisjonssystem, men mangla sifferet for talet null.

Egyptiske siffer[endre | endre wikiteksten]

Egyptarane nytta hieroglyfar til å skrive og seinare utvikla desse seg til tal. Dette skjedde i tida før 3000 f.Kr. Eit bilete av ein pinne tydde ein, ein hov var 10, ein spiral var 100, ein lotusblomst var 1000, staven til Farao var 10 000, eit rumpetroll var 100 000 og symbolet på ein million var ei kjensle, ein knelande mann med armane i lufta.

Kinesiske siffer[endre | endre wikiteksten]

Før i Kina brukte dei reknestavar. Dei hadde Hengstavar og Tsungstavar. Fram til nummer fem er Heng og Tsung ganske like bortsett frå at Heng er ståande stavar og Tsung er liggande. Sjølv om 6-9 er nokså like, bortsett frå at dei har venda dei. Heng representerte eintal, hundretal, titusental, osv, medan Tsung representerte tital, tusental, hundretusental osv. Viss du til dømes skriv ein dato som 1482, vart 4 og 2 skrive i Heng og 1 og 8 skrive i Tsung.

Siffer i mayakulturen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå matematikk i mayakulturen.

Mayaindianarane nytta tidleg eit avansert talsystem med mellom anna posisjonssystem (base 20) og null.

Posisjonsystemet deira kunne derimot ikkje utviklast fordi mayaene hadde gjort ein feil. I staden for å nytte 400 i posisjonssystemet sitt, så nytta dei 360. Men mayaindianarane høyrte til ein av dei kulturane som faktisk nytta seg av null (til liks med babylonarane)

Greske siffer[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå greske tal.

På slutten av det greske bronsealderen, ca 1400-1200 f.Kr., brukte ein talsystem for lineær B. Det same systemet vart tidlegare brukt i den minoiske kulturen med lineær A.

Det attiske talsystemet kom i bruk på 800-talet f.Kr. Det vart nytta spesielle symbol for tala 1, 5, 10, 100, 1 000 og 10 000. Gjennom å kombinere desse både med addisjon og multiplikasjon, kunne ein vise andre tal.

I det joniske talsystemet nytta ein alle dei 24 bokstavane i det greske alfabetetet samt tre ekstra eldre bokstavar for syne tal. Systemet vart skapt på 500-talet f.Kr. men vart først teken i ålment bruk på 100-talet f.Kr.. Dei første ni symbola synte til tala 1-9, dei neste ni til titala 10-90 og dei siste ni hundretala 100-900. Andre tal vart synt med å leggje saman desse symbola. Eit komma føre nokre av dei ni første symbola tydde at talet skulle multipliserast med 1 000. På denne måten kunne ein syne alle tal mellom 1 og 9 999 med maksimalt fire bokstavar. For 10 000 nytta ein bokstaven M som var den første bokstaven i det greske ordet myrios som tyder «urekneleg». Større tal vart skriven som multiplikativt med myriaden. Ein variant av dette system vert framleis nytta i dag, men på same måte som ein nytta romartal.

Romartal[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå romartal.

Eit anna velkjend siffersystem er romartala: I, V, X, L, C, D, M (1, 5, 10, 50, 100, 500, 1000). Visse bokstavar i et latinske alfabetet vert altså nytta som siffer.

Arabiske tal[endre | endre wikiteksten]

Arabiske tal,
arabisk (indo-arabisk) og
europeisk form
٠ (۰) 0 (null)
١ (۱) 1 (ein)
٢ (۲) 2 (to)
٣ (۳) 3 (tre)
٤ (۴) 4 (fire)
٥ (۵) 5 (fem)
٦ (۶) 6 (seks)
٧ (۷) 7 (sju)
٨ (۸) 8 (åtte)
٩ (۹) 9 (ni)

Arabiske siffer (sjølv om dei eigentleg kjem frå India) er dei talsymbola som vert mest nytta internasjonalt, mellom anna i Noreg (1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 0). Dei arabiske siffera har opphav i India der dei kom i bruk kring 400 f Kr. Frå den arabiske verda vart siffera spreidde i mellomalderen til Europa, der dei fekk det noverande utsjånaden sin og vidare vart spreidd utover heile verda.

I tabellen til høgre ser ein den noverande arabiske forma av siffera 0-9 og den noverande europeiske, med dei norske namna i parantes.

Den indo-arabiske varianten vert nytta i vissa språk, som nytta arabisk skrift trass i att språket ikkje er arabisk, eller høyrer til den arabiske språkgruppa, som til dømes farsi.

Det finst to variantar av dei arabiske siffera som vert nytta i trykt tekst: Dei versale siffera, som er den vanlegaste typen, med siffer som har same høgd som dei versale (store) bostavane, og dei gemene tala, som har varierande høgd og som ofte vert nytta i lag med minuskel- eller små bokstavar.

Felles for alle tre systema er at dei er skriven frå venstre til høgre, sjølv om skriftspråk som er basert på det arabiske alfabeter vert skriven frå høgre til venstre. Merk at når siffera er grupperte for intervall eller retnings- og telefonnummer, så vert gruppene skriven frå høgre til venstre og så innbyrdes frå venstre til høgre.

Tabell[endre | endre wikiteksten]

Arabisk Indisk Romersk Gresk Colombiansk Egyptisk Babylonsk Kinesisk Mayansk
0 ٠     13px      
1 ١ I Α' (alfa) 4px      
2 ٢ II Β' (beta) 8px      
3 ٣ III Γ' (gamma) 10px        
4 ٤ IV Δ' (delta) 9px      
5 ٥ V Ε' (epsilon) 11px      
6 ٦ VI Ϝ' (digamma) 14px      
7 ٧ VII Ζ' (zeta) 12px      
8 ٨ VIII Η' (eta) 12px      
9 ٩ IX Θ' (theta) 12px      
10 ١٠ X Ι' 14px      

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Siffer
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Arabiska siffror