Siffernoteskrift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ei siffernoteskrift er eit notesystem utvikla for å notere musikktoner med siffer.

På 1800-talet vart eit siffernotesystem bruka i ved undervisinga i salmodikonspellærarseminara. Systemet vart utbreidd i Sverige og Noreg av musikkpedagogane Johan Dillner og Lars Roverud.

Siffernoteskrifta Roverud bruka, byggjer på dur- og mollskalaen.

Neste skala held fram med (understreka) 2, 3 osv. til dobbelt understreka 1. Skalaen under noterast med overstreka 1, slik at fire påfølgjande skalaer kan noterast slik, uavhengig av toneart:

= = = = = = = - - - - - - - 
1 2 3 4 5 6 7 1 2 3 4 5 6 7 1 2 3 4 5 6 7 1 2 3 4 5 6 7 1
                                          - - - - - - - =

Dur og moll[endre | endre wikiteksten]

Avstanden (intervallet) mellom tonane i dei diatoniske skalaene kan vere ein heil eller ein halv tone. Skalaen har fem heiltrinn og to halvtrinn, og det er plasseringa av desse halvtrinna som avgjer om det vert ein durskala eller ein mollskala.

Om vi markerer heiltoneintervalla med eit «.» får vi

  • durskalaen 1 . 2 . 3 4 . 5 . 6 . 7 1
  • mollskalaen 1 . 2 3 . 4 . 5 6 . 7 . 1

Halvtonetrinna mellom tonane i skalaen er markert med ei * over sifferet (ein halv tone opp) eller ein + (ein halv tone ned). Eit trekant opphevar verknaden av * og +. Ein kromatisk skala går fram i halvtonar, har tolv trinn og kan noterast slik i siffernoteskrift:

  *   *     *   *   *   1 
1 1 2 2 3 4 4 5 5 6 6 7 -  

Ulike toneartar[endre | endre wikiteksten]

«Vår Gud han er så fast en borg» i siffernoteskrift etter Lindeman: Coral-Melodier for Psalmodicon. Tonearten 1=1 gjev C-dur når instrumentet er stemt slik at talet 1 kling som C.
«Rind nu op i Jesu navn» i siffernoteskrift, molltoneart 1=1 (c-moll)

Sidan skalaen har tolv halve notar, og kvar av desse tolv tonane kan vere grunntone i ein ny skala, finst det tolv ulike durskalaer og tolv ulike mollskaler, i alt 24 toneartar.

Den første durtonearten skrivast i siffernoteskrift 1=1 (C-dur; tilsvarande skrivast c-moll 1=1 M). Tonearten som tar utganspunkt i tonen 2 (D-dur eller d-moll) skivast 2=1 (2=1 M), tonearten som tar utgangspunkt i tonen 3 (E-dur, e-moll) skrivast 3=1 osv.

Siffernoteskrifta er tilpassa strykeinstrumentet salmodikon. På salmodikonet er durskalen 1=1 (C-durskalaen) skriven med tal rett på instrumentet. Dersom ein vil spele andre toneartar, transponerer ein ved hjelp av ein tabell. Tabellen er ein lineal med talrekker for dur eller moll som ein plasserer langsmed gripebrettet. Vil ein spele i tonearten 5=1 (G-dur), legg ein tabellen slik at talet 1 på tabellen vert plassert over talet 5 på instrumentet.

Noteverdiar[endre | endre wikiteksten]

Noteverdiane kan doblast med eit etterfølgjande punkt eller med ein bindeboge mellom to like tal. Noteverdiane kan halverast med ein ( ) rundt sifferet. Eit opphald i musikken vert markert med pausesifferet 0.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]