Sigbjørn Johnsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sigbjørn Johnsen i 2010

Sigbjørn Johnsen (fødd 1. oktober 1950) på Lillehammer er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han var stortingsrepresentant for Hedmark i 20 år frå 1977 til 1997. Johnsen var fylkesmann i Hedmark frå 1997 til 2009. Han var finansminister i Gro Harlem Brundtland si andre regjering frå 1990 til 1996, og er finansminister igjen i Jens Stoltenberg si andre regjering frå 20. oktober 2009. Johnsen er kjend for den jordnære stilen sin og for å halde dialekta si i hevd, og brukte heller uttrykk som «vi har itte mer peeng» eller «vi har peeng på bok» enn sosialøkonomiske omgrep som «budsjettbalanse» og «venta overskot på oljefondet» då han var finansminister i 1990-åra.[1]

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Johnsen blei fødd på Lillehammer, men voks opp i ei arbeidarfamilie på StavsjøNes i Hedmark (i dag Ringsaker kommune). Foreldra var kommunearbeidaren Jens Johnsen (19281999) og kjøkkenassistenten Arnlaug Pettersen (1927–). Sigbjørn Johnsen melde seg inn i Arbeidernes ungdomsfylking (AUF) som 14-åring. Etter examen artium i 1969 tok han studentfageksamen i 1970. Han var ei lita stund bankkasserer 1970–1971, og deretter undervisningsleiar i Hedmark AOF 1971–1974. Han tok kveldskurs ved Handelshøyskolen BI 1974–1976, og var samtidig rekneskapsførar i AOF på sentralt nivå.

Han var sekretær i Ringsaker Arbeiderparti 1973–1976, og styremedlem i Hedmark Arbeiderparti 1973–1996. Johnsen var nestformann i AUF 1975–1977, og deretter sentralstyremedlem til 1981. Han var 1. vararepresentant til Stortinget frå Hedmark frå 1973, og møtte fast, som den yngste på Stortinget, for Odvar Nordli frå 1976. I 1977 blei Johnsen valt inn som fast representant, og blei medlem i Stortingets kommunal- og miljøvernkomité. Gjennom 1980-åra hadde han ulike roller i Stortingets finanskomité, og var nestleiar der frå 1986 til 1990. Før Arbeiderpartiet sine landsmøte i 1989 og 1992 var han også på tale som kandidat til nestleiarvervet i Arbeidarpartiet.

Finansminister 1990–1996[endre | endre wikiteksten]

Gro Harlem Brundtland si tredje regjering blei utnemnd den 3. november 1990 blei Johnsen statsråd i Finans- og tolldepartementet, og blei ein av eit fåtal statsrådar som blei sittande heilt fram til regjeringa gjekk av den 24. oktober 1996. Johnsen måtte snart hanskast med bankkrisa i 1991, då Den norske Bank, Kreditkassen og Fokus Bank var nær konkurs. Finansminister Johnsen sytte då for opprettinga av Statens Banksikringsfond og Statens Bankinvesteringsfond. Bankane blei til slutt redda, men aksjonærane mista verdiane sine, og staten sat att med eigarskap i bankane.

Det breie skatteforliket i 1992 senka nivået, men utvida grunnlaget for skatteinnkreving i Noreg, og dempa den politiske debatten rundt dette temaet i nokre år. Same år måtte ein motviljug gje opp fastkurspolitikken, men i 1993 begynte rentene å falle, og ein begynte å sjå den første positive utviklinga i den økonomiske krisa Noreg hadde vore i sidan slutten av 1980-åra. Arbeidsløysa gjekk ned, og i 1995 var Noreg for første gong sidan 1946 utan nettogjeld til utlandet.[1]

På tross av fleire gode resultat blei fleire av Johnsen sine år som finansminister prega av parlamentarisk motstand, med fleire seriøse mistillitsforslag. I den siste saka blei Johnsen redda med 83 mot 80 stemmer, takka vere fire utbrytarar frå Framstegspartiet. Då Gro Harlem Brundtland gjekk av som statsminister i 1996, blei Johnsen avløyst av Jens Stoltenberg som finansminister i Thorbjørn Jagland si regjering.

Fylkesmann 1997–2009[endre | endre wikiteksten]

Då det blei klart at Johnsen ikkje ville ta attval til Stortinget i 1997, blei han i statsråd i desember 1996 utnemnd til fylkesmann i Hedmark. Han tok til i stillinga då stortingsperioden gjekk ut, og sat i stillinga heilt fram til han blei finansminister igjen. I løpet av tida som fylkesmann var han medlem i, og leiar for, ei rekkje offentlege utval, som Vallovutvalet 1997–2000 og Pensjonskommisjonen 2000–2002. Han var medlem av Noregs Bank sitt hovudstyre 1999–2004 og Hamar Olympiske anlegg 1999–2003, styreleiar i Birkebeinarrennet 1998–2004, leder i rådet for Europaprogrammet 1998–2002, og Bio Inn 1999–2001. Han var medlem av rådet for SOS-barnebyer 1997–1999, leiar 1999–2004, og styreleiar frå 2004.

Johnsen blei i 1997 styreleiar i Statkorn Holding, eit reint landbruksselskap som på få år er utvikla til eit av verdas leiande føretak innan havbruk og akvakultur, under namnet Cermaq. Johnsen blei utnemnd til styreleiar i Norsk Tipping av Kultur- og kyrkjedepartementet den 21. mai 2008, og blei frå då også styreleiar i den resten av perioden for det dåverande styret, som varte fram til 30. april 2009. Kultur- og kyrkjeminister Trond Giske sa mellom anna at «med Sigbjørn Johnsen får Norsk Tipping en styreleder med solid erfaring og innsikt i den samfunnsmessige og politiske virkelighet som Norsk Tipping er en del av».[2]

Johnsen gav ut memoarboka Saligheta heme på forlaget Gyldendal i 2005. I boka skriv Johnsen om barndomen sin, karrière, visjonar og tankar for framtida.[3]

Finansminister frå 2009[endre | endre wikiteksten]

Den 20. oktober 2009 blei Sigbjørn Johnsen utnemnd til ny finansminister i Jens Stoltenberg si andre regjering, etter at Kristin Halvorsen gjekk over til Kunnskapsdepartementet. På førehand hadde spekulasjonane dreia seg om Halvorsen ville forlate Finansdepartementet, og i tilfelle om Sigbjørn Johnsen eller Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ville bli ny statsråd her. Valet fall til slutt på Johnsen, medan Schjøtt-Pedersen blei samordningsminister. Politisk redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle, kommenterte tidlege meldingar om valet av Sigbjørn Johnsen med «dersom det er riktig, vil jeg si at Sigbjørn Johnsen representerer bunnsolid erfaring og dyp innsikt. Dessuten har han en form som er veldig jovial. Han er i stand til å forklare kompliserte sammenhenger på en enkel måte.»[4] Kyrre Nakkim i NRK sa at «ingen kan selge inn et økonomisk kutt så godt som Johnsen. Med sin brede hedmarksdialekt er han både jovial og pedagogisk. Han evner å begeistre.»[5]

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Norsk biografisk leksikon
  2. Kultur- og kirkedepartementet. «Sigbjørn Johnsen blir ny styreleder i Norsk Tipping AS». Pressemelding, publisert 21. mai 2008
  3. Lars Hellberg. «Sigbjørn Johnsens advarsel», Aftenposten, 31. oktober 2005
  4. Kristoffer Rønneberg og Espen A. Eik. «– Sigbjørn Johnsen ny finansminister», Aftenposten, 20. oktober 2009
  5. Charlotte Haarvik Sanden. «Sigbjørn Johnsen ny finansminister», NRK, 19. oktober 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]