Sigbjørn Mostue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigbjørn Mostue
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. oktober 1969 (54 år)
Kløfta
Yrke Forfattar
Periode 2005-
Sjanger Fantasy, kriminallitteratur, barnelitteratur
Debut Gravbøygen våkner
Nettstad sigbjornmostue.no

Sigbjørn Mostue (fødd 8. oktober 1969 på Kløfta)[1] er ein norsk forfattar.

Han debuterte i 2005 med Gravbøygen våkner, ein fantasyroman for barn og unge.[2] Debutboka var fyrste del av trilogien Alvetegnet. Serien vart fullført med Nissedreperen (2006) og Krakens gap (2007). Det er seld over 100 000 eksemplar av bøkene i trilogien (2012), og dei er også komne ut på dansk og polsk.[2] I 2009 gav han og Matthijs Holter ut fantasyromanen Mørkeboka og i 2010 kom fyrste del i ein ny triologi kalla Den siste magiker. I 2012 kom kriminalromanen Operasjon Helena ut som fyrste vaksenboka hans. Den var skriven saman med den tidlegare politispanaren Johnny Brenna.

Mostue bur på Jessheim[3] og er utdanna frå Universitetet i Oslo med hovudfag i idéhistorie.[1] Før han vart forfattar på heiltid arbeidde han som redaktør i De norske Bokklubbene.[3]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2005 – Gravbøygen våknerAlvetegnet 1, fantasyroman for barn og unge
  • 2006 – NissedreperenAlvetegnet 2, fantasyroman for barn og unge
  • 2007 – Krakens gapAlvetegnet 3, fantasyroman for barn og unge
  • 2009 – Mørkeboka – fantasyroman for ungdom, skriven saman med Matthijs Holter
  • 2010 – Historien om vampyrer : fra dødsfiende til superhelt
  • 2010 – Den siste magiker I – fantasyroman for barn og unge
  • 2011 – Den siste magiker del 2: Belz og Ebub – fantasyroman for barn og unge
  • 2012 – Den siste magiker del 3: Nimrod – fantasyroman for barn og unge
  • 2012 – Operasjon Helena – kriminalroman, skriven saman med Johnny Brenna
  • 2013 – Operasjon Føniks – kriminalroman, skriven saman med Johnny Brenna
  • 2013 – Zombie-Bjarne

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 ««Fakta»». sigbjornmostue.no. Henta 22. Februar 2012. 
  2. 2,0 2,1 ««Sigbjørn Mostue»». Cappelen Damm. Henta 22. Februar 2012. 
  3. 3,0 3,1 ««Fakta: Sigbjørn Mostue (36)»». rb.no. 28. august 2006. Henta 22. Februar 2012. 
  4. Morten Haugen (7. september 2005). ««Tittel: Gravbøygen våkner Tekst: Sigbjørn Mostue»». barnebokkritikk.no. Henta 22. Februar 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]