Sigdal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sigdal kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0621
Fylke Buskerud
Adm.senter Prestfoss
Areal 842 km²
Folkemengd 3 538 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-) Kari Kolbræk Ask (Sp)
Målform Bokmål
Nettstad www.sigdal.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0621.svg
Sigdal kommune på Commons
Hagan, heimen til Christian Skredsvig
Foto: Helge Høifødt
Lauvlia, heimen til Theodor Kittelsen
Foto: Helge Høifødt
Folkemusikksenteret i Sigdal
Foto: Mahlum

Sigdal er ein kommune i Buskerud fylke. Han grensar mot Flå i nord, Krødsherad i aust, Modum i søraust, Flesberg i sørvest, Rollag i sørvest , og Nore og Uvdal i vest.

Kommunen er prega av høgfjell og dalar. Kring 72 % av kommunen er dekt av skog, 20 % er fjell – vesentleg lågalpin sone. 4 % av flatevidda er dyrka og om lag 4 % er vatn og vassdrag. Til saman 842 km².

Innbyggjarane lever hovudsakleg av jord- og skogbruk og turisme.

Andersnatten[endre | endre wikiteksten]

Dette kjende landemerket er både spennande og sagnomsust. Det karakteristiske fjellet har gjeve liv til både segn og eventyr. Den kjende kunstnaren Theodor Kittelsen budde like ved, og han brukte fjellet som inspirasjon til sine mest kjende trollteikningar. I dag er Andersnatten ein ynda valfartsstad for eventyrlystne fjellklatrarar, og den bratte veggen er skildra som eit fjellklatrareldorado.

Lauvlia[endre | endre wikiteksten]

Theodor Kittelsen er kjent for sine stemningsfulle malerie og eventyrteikningar av troll, dyr og landskap. Han budde saman med familien i Lauvlia som ligg vakkert til ved Soneren i Sigdal. Det var den vakre utsikta som gav han inspirasjon til måleria og teikningaane sine.

Christian Skredsvig og Hagan[endre | endre wikiteksten]

Her budde og arbeidde den kjende kunstnaren Christian Skredsvig (mellom anna kjend for måleriet «Gutten med seljefløyten») store delar av sitt liv. Staden har fantastisk utsikt over heile dalen, som med sin vakre natur har inspirert mange kunstnarar opp gjennom åra. Huset ber preg av å vera ein kunstnarheim. Her står alle møblar og mæleri intakt som då kunstnaren sjølv levde der. Her kan ein oppleva det særpreget og den sjarmen som gav han inspirasjon til måleria og bøkene sine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]