Sigerslauk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Sigerslauk | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Magnoliophyta | |
| Klasse: | Liliopsida | |
| Orden: | Asparagales | |
| Familie: | Amaryllidaceae | |
| Underfamilie: | Alliaceae | |
| Slekt: | Allium | |
| Art: | A. victorialis | |
| Vitskapleg namn | ||
| Allium victorialis | ||
Sigerslauk (Allium victorialis) er ein laukart som veks frå fjella sørvest i Europa gjennom Alpane og Karpatane, til Kaukasus, Ural, Altajfjella, Japan og Aleutane. Han heiter òg alpinlauk, av di han oftast veks over skoggrensa.
I Noreg er sigerslauken ei innført prydplante som sidan har etablert seg i skog og ved elveøyrer. På 1920-talet vart han funnen i hagar og ved kyrkjer i Lofoten, særleg på Vestvågøy, der han har hatt namnet amerikalauk.[1] Sigerslauken er elles funnen i Asker, Indre Hardanger og Fauske.[2]
Sigerslauken har vore mykje nytta i europeisk folkemedisin og var ofte tilskriven magisk kraft.[3]
Kjelder [endre]
- ↑ Flerårige løk i Norge.
- ↑ Johannes Lid mfl.: Norsk Flora. 7. utg. Oslo 2005. s. 895-896.
- ↑ Nils von Hofsten: Segerlöken, Allium victorialis i folktro och folkmedicin. Uppsala 1958
- Delar av denne artikkelen bygger på «Seiersløk» frå Wikipedia på bokmål, den 12. desember 2012.