Sigismondo d'India

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sigismondo d'India
Fødd ca. 1582, Palermo i Italia
Død 19. april 1629, Modena i Italia
Sjanger Renessansemusikk
Aktive år 1606-1623
Yrke Komponist

Sigismondo d'India (ca. 1582 – før 19. april 1629) var ein italiensk komponist frå seint i renessansen og tidleg i barokken. Han var ein av dei mest dyktige samtidige til Monteverdi og skreiv som han musikk i mange former.

Liv[endre | endre wikiteksten]

D'India vart truleg fødd i PalermoSicilia i 1582, men detaljane kring livet hans er ukjende til rundt 1600. Dei første tiåra på 1600-talet reiste han truleg mykje i Italia, møtte komponistar, og skaffa seg støttespelarar i forskjellige aristokratiske hoff, medan han tok til seg musikkstilane han møtte. Dette var ein overgangsperiode i musikkhistoria, der den polyfone stilen frå seinrenessansen gav etter for dei mange stilane i barokken, og d'India ser ut til å ha hatt eit breitt grep om alle stilartane i Italia: den uttrykksfulle madrigal-stilen til Marenzio, det storarta antifoniske arbeidet til den venetianske skulen, den konservative polyfonske tradisjonen til den romanske skulen, forsøka på å finne att til musikken frå antikken i monodi og den nyutvikla operaen, samt den affekterte, kjenslemessig intense kromatiske stilen til Carlo Gesualdo i Napoli. D'India er kjend for å ha vore i Firenze, fødestaden til operaen, samt i Mantova, der Monteverdi arbeidde. I Napoli møtte han truleg Gesualdo og før 1610 hadde han vore i Parma og Piacenza. Året etter, 1611, vart han hyrt av hertugen av Savoie for å dirigere musikk i Torino, der han vart verande til 1623. Dette var dei mest produktive åra i livet hans, der han samla saman alle musikkstilane han hadde høyrt tidlegare i livet.

Etter at han forlet Torino - visstnok tvungen ut av politiske intrigar - reiste han til Modena og seinare til Roma. Det ser ut til at han døydde i Modena, men detaljane kring dei siste leveåra hans er like uklåre som dei første.

Verk[endre | endre wikiteksten]

D'India komponerte hovudsakleg vokal musikk, mellom anna monodiar, madrigalar og motettar. Monodiane hans finst det mest av og det var fleire forskjellige typar, både gjennomkomponoerte og strofiske ariar, variasjonar over basso ostinatoer, sørgjesongar, madrigalar i monodisk stil og andre.

Stilmessig hadde musikken til d'India same trekk som musikken til Monteverdi frå same perioden: uttrykksfull kromatisme, dissonansar med uvanleg styrke og ein skarpt øyre for drama. Nokre av dei lengre monodiane hans er i røynda operastykke, sjølv om d'India ikkje skreiv noko spesifikt som kan kallast ein «opera».

Dei polyfoniske madriganale hans låner ofte teksturidear frå Gesualdo, særleg ved å sidestille langsam, intens kromatisk musikk med lette, nesten ekstatiske, diatoniske passasjar. Slik sett var d'India den einaste etterfølgjaren til Gesualdo (fram til 1900-talet). Noko av den seinare musikken til d'India er uvanleg ved at han syner påverknad frå nesten alle dei samtidige komponistane i Italia i eitt og same stykke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]