Sigmund Groven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigmund Groven

Sigmund Groven (til venstre) saman med gruppa Sugar Plum Fairies i Moland kyrkje i Fyresdal, 2007
Fødd16. mars 1946 (78 år)
Heddal i Noreg
Aktiv1965 til i dag
Sjangerklassisk musikk
Instrumentmunnspel
PlateselskapGrappa
Verka sommunnspelar, komponist
PrisarKardemommestipendiet, Telemark fylkeskommunes kulturpris, Storegutprisen

Sigmund Groven (fødd 16. mars 1946 i Heddal) er ein norsk musikar og komponist, som særleg er kjend for spelet sitt på munnspel. Han har gjeve ut fleire musikkplater og har medverka jamleg i program på radio og fjernsyn sidan 1960-talet, i tillegg til musikk for film.[1] Groven er rekna som ein av verdas fremste utøvarar på kromatisk munnspel.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Groven er son av skulestyrar og gardsbrukar Sverre Groven (1897–1970) og husmor og gardsbrukar Gunhild Haaberg (1906–2009). Han er brorson av spelemannen Eivind Groven (1901–1977) og fetter av Aslaug Groven Michaelsen (1926–2017).[2]

Groven voks opp i ein familie med stor interesse for musikk og med rike kulturtradisjonar. Som barn vart interessa for munnspel vekt då han høyrde den kanadiske munnspelartisten Tommy Reilly som spelte i norsk og britisk radio. Frå 1960 studerte Groven hos Reilly i London. Reilly vart inspirasjonskjelda hans og etter kvart samarbeidspartner, og i 1971 gav Groven ut ei norsk omsetjing av munnspelkursa til Reilly.

I 1969 vart Groven cand.mag. med mellomfag i engelsk, historie og statsvitskap ved Universitetet i Oslo. I perioden 1964–93 var han tilknytt NRK på frilansbasis som programmedarbeidar, hallomann, omsetjar og produsent. Han har også verka som timelærar ved universitetet i Trondheim og musikkonservatoriet der, har halde munnspelkurs i inn- og utland og vore plateprodusent for andre musikarar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1965 debuterte Sigmund Groven som munnspelsolist i NRK og har sidan ofte opptredd i radio og fjernsyn. Han har vore på omfattande konsertturnear i dei fleste verdsdelane og spelt i fleire av dei mest kjende konsertsalane i verda, frå Carnegie Hall i New York (1990) til Hong Kong konserthus (1998) og Mozarteum i Salzburg (2002). Groven har vore solist med ei rekkje radio-, kammer- og symfoniorkester i Norden, Japan, Kina, Austerrike, Tyskland, Nederland, Belgia, Storbritannia og Nord-Amerika. Han har halde eigne konsertar under festivalar og kulturarrangement, mellom anna under festspela i Bergen i 1991 og 1993, verdsutstillinga Expo 1992 i Sevilla, dei olympiske vinterleikane på Lillehammer i 1994, ein UNESCO-kongress i Paris 1993 og under festspel og festivalar i Hong Kong i 2004, Budapest i 2005 og Taiwan i 2006.

Konsertrepertoaret hans spenner vidt, frå folkemusikk og filmmusikk til eigne komposisjonar og frå klassiske verk tilrettelagt for munnspel til originalskriven musikk. Mange har skrive musikk spesielt for Sigmund Groven, mellom anna Terje Rypdal, James Moody, John Surman, Øistein Sommerfeldt, Johan Kvandal, Oddvar S. Kvam, Kenneth Sivertsen, Ketil Bjørnstad, Henning Sommerro og Siegfried Steinkogler. Frå 1975 til 2005 har han spilt inn over 20 soloplater, blant desse Så spiller vi harmonica (1975), Motlys (1979), Colour slides (1985), Aria (1988), Nordisk natt (1990), Siesta (1993), Til Telemark (1995), Harmonica Album (1998), Innunder jul (2000), Vi på Langedrag (2001), Over the rainbow (2003), Here, there and everywhere (2004) og Philharmonica (2005).

Sjølv har Groven laga over 300 komposisjonar, både kortare instrumentalstykke og større verk som Vinland Suite (1986), Til Telemark (1994) og Legender for munnspill og strykeoktett, urframført under Osa-festivalen på Voss i 1999. Noko av musikken er skriven for film, radio og fjernsynsprogram, mellom anna til fjernsynsserien Vi på Langedrag for NRK i 2001. Groven laga sin fyrste komposisjon i 1971, då han sette melodi til Erik Bye-teksten «Så spiller vi harmonica». I høve 150-årsjubileet for norsk utvandring til USA i 1975 skreiv han «Blow, silver wind», også til tekst av Erik Bye, ein kunstnar han samarbeidde mykje med, mellom anna på lydbokutgjevinga Munnspill under åpen himmel (2004). Groven har tonesett dikt av Halvor J. Sandsdalen og laga tonefølgje til dikting av Ove Røsbak, og han har bidrage som arrangør og produsent for plateserien Våre beste barnesanger (1990, 1993, 1995). Han spelte munnspel på songen «Reodors ballade» frå 1975-filmen Flåklypa Grand Prix.[3]

Tonesetjinga til Groven av tekstar spenner sjangermessig frå skillingsvise til romanse. Det kan handle om songar fylt av sår sorgmilde, burlesk humor og stille livsglede. Her viser han seg som ein mjuk, ofte eigenarta melodikar. Arrangementa hans av til dømes gamle barnesongar er nennsame og stileigne. Groven lèt gjerne latinamerikanske rytmar og trekk frå så vel norsk folkemusikk som angloamerikansk underhaldningsmusikk sleppe til i komposisjonane, utan å miste det personlege grepet.

Sigmund Groven har gjennom å utforske moglegheitene til munnspel løfta det fram til å verte eit seriøst konsertinstrument. Med teknisk suverenitet og musikalsk følsomhet vet han å utnytte instrumentets uttrykkspotensiale og klangfarger. Om formen er lågmælt, stilen forfina og opptredenen stillferdig, speler Groven med solid musikalsk autoritet. Dertil er han ofte vørda for evna si til å formidle og skape intimitet, anten det er i eit bortgøymd grendehus eller frå ei stor konsertscene. Dette gjer ham til folkekjær artist og avansert musikar på same tid.

Groven var styremedlem i NOPA (Forening for norske komponister og tekstforfattere) 1986–99 og i TONO (Norsk selskap for forvaltning av fremføringsrettigheter til musikk) 1987–97. Han var ordførar i representantskapet til TONO 1997–2006. Han har sete fleire gonger i juryen under World Harmonica Festival.[2]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Groven har motteke ei rekkje prisar og utmerkingar, mellom anna «Årets verk – musikk» frå NOPA 1984 og 1989, kulturprisen frå Telemark fylkeskommune i 1995, ærespris frå Fond for utøvende kunstnere 1996, kulturstipendet frå Oslo by i 2004 og Storegutprisen i 2006. Han vart æresmedlem i Norsk Munnspillforum i 1994, i NOPA 2002 og æresborgar av Texas i 1991.

  • 1984: Årets verk frå NOPA for dei mange verka hans med stor spennvidd
  • 1986: Heddal Sparebanks Pris 1986
  • 1990: Årets verk frå NOPA for «Prestegangaren» og «Tårån i troppene»
  • 1991: Æresborgar av Texas 1991
  • 1994: Kardemommestipendiet i 1994
  • 1995: Telemark fylkes kulturpris
  • 1996: Gammleng-prisen i open klasse
  • 2002: Æresmedlem av NOPA
  • 2004: Oslo Bys Kulturstipend
  • 2006: Storegutprisen
  • 2009: Klaus Egges Minnepris
  • 2010: Statens stipend for eldre fortjente kunstnere 2010
  • 2012: Pris for beste innspeling for harmOrgan ved Guangzhou Music Awards, Kina
  • 2015: Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden[4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1975: Så spiller vi harmonica
  • 1976: Music for two Harmonicas (med Tommy Reilly)
  • 1977: Musikk for en lang natt (med Ketil Bjørnstad)
  • 1979: Motlys
  • 1981: Musikken inni oss (med Arve Tellefsen)
  • 1981: Kom sol på alle mine berg (med Geirr Lystrup)
  • 1981: Lævandes dikt (med Ove Røsbak og Iver Kleive)
  • 1983: Songar utan ord (med Henning Sommerro)
  • 1986: Colour Slides
  • 1986: Marit og trollsteinen (med Ove Røsbak)
  • 1988: Aria
  • 1988: Sigmund Groven – samleplate
  • 1990: Nordisk natt
  • 1991: Nattønsker – samleplate
  • 1993: Siesta
  • 1995: Til Telemark
  • 1996: I godt lag – samleplate
  • 1998: Harmonica Album
  • 2000: Innunder jul (med Iver Kleive og Anne Vada)
  • 2001: Vi på Langedrag
  • 2003: Over the Rainbow
  • 2004: Here, There and Everywhere (med Kringkastingsorkestret og John Wilson)
  • 2005: PhilHarmonica (med Kringkastingsorkestret og Christian Eggen)
  • 2007: Grieg Album (med Ivar Anton Waagaard, Kåre Nordstoga, Kringkastingsorkestret og Peter Szilvay)
  • 2010: HarmOrgan (med Iver Kleive)
  • 2012: Classical Harmonica (med Ivar Anton Waagaard)
  • 2014: Harmonica Hits – samleplate (den første i ein serie på tre)
  • 2015: Tradition – samleplate (den andre i ein serie på tre)
  • 2016: Concerto – samleplate (den tredje i ein serie på tre)
  • 2018: Bønn for drømmen
  • 2019: Songs for harmonica
  • 2020: The sound of Telemark (med Knut Buen)
  • 2021: In Concert

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 75 års omtale i Aftenposten 16. mars 2021
  2. 2,0 2,1 Kydland Lysdahl, Anne Jorunn (1. september 2009). «Sigmund Groven». Norsk biografisk leksikon. Henta 8. november 2021. 
  3. Bergh, Johs (14. oktober 2020). «Sigmund Groven». Store norske leksikon. Henta 8. november 2021. 
  4. «Utnevnelse til St. Olavs Orden». Det norske kongehuset. 9. juni 2015. Henta 8. november 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]