Sigmund Selberg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigmund Selberg (fødd 11. august 1910 i Langesund i Bamble, død 20. april 1994 i Trondheim) var ein norsk matematikar. Han arbeidde særleg innan analytisk primtalsteori.
Han var tvillingbror til Arne Selberg, og bror av Atle og Henrik Selberg.
Han tok doktorgraden i 1942 og vart professor i matematikk i 1947 ved NTH, der han var fram til han nådde aldersgrensa i 1977.
Selberg vart medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i 1943, der han var eit særs aktivt medlem. Han var formann i Matematisk-naturvitskapeleg klasse i fleire periodar og preses for selskapet i 1974–1981. I tillegg var han medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1953 og av Hollandsche Maatschappij der Wetenschappen.
Kjelder [endre]
- Sigmund Selberg. (2012-02-14) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Sigmund_Selberg