Signal de Botrange
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Signal de Botrange er det høgaste punktet i Belgia, i Hautes Fagnes, med 694 meter over havet. Det er toppen av eit breitt platå, og ein veg kryssar toppen ved sida av ein kafé. I 1923 vart det seks meter høge Baltia-tårnet reist, slik at besøkjande kunne nå ei høgd på 700 meter. Eit steintårn vart bygd i 1934, der toppen av tårnet er 718 meter over havet.
Midt på vinteren er toppen ofte utgangspunkt for mange langrennsruter