Signe Seim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Signe Seim
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. mai 1929 (94 år)
Død

14. februar 2023
Voss herad

Yrke Forfattar, lærar
Periode 1960-
Debut Trø varleg min fot

Signe Seim (1929–2023)[1] var ein norsk forfattar og lærar frå Voss.[2]

Ho debuterte i 1960 med diktsamlinga Trø varleg min fotFonna forlag, og har sidan skrive fleire diktsamlingar, ein roman, skodespel og to barnebøker. Ho har også skrive emnehefte om Ivar Aasen og Per Sivle og omsett bøker til norsk. I Norsk salmebok 2013 er ho representert med ei omsetjing.

For romanen Her budde ein gong eit barn fekk ho Sunnmørsprisen og Oslo Domkirkes bokpris i 1986.[3]

Seim budde i Leveld i Hallingdal frå 1954 til 1970 og arbeidde som lærar på Leveld skule. Leveld Kunstnartun gav i 2012 ut ei samling dikt frå Leveld-tida hennar. Boka er kalla Det måtte vera her.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1960 – Trø varleg min fot – Diktsamling
  • 1965 – I stillaste timen – Diktsamling
  • 1972 – Etter lang vandring – Diktsamling
  • 1974 – Emnehefte om Per Sivle – Sakprosa
  • 1975 – Tre skodespel : «Skogen», «Med ljos» og «Vårliv» – Dramatikk for born
  • 1978 – Emnehefte om Ivar Aasen – Sakprosa
  • 1979 – Sju frostnetter – Diktsamling
  • 1982 – Det kvite landet – Diktsamling
  • 1986 – Her budde ein gong eit barn – Diktsamling
  • 1990 – Det finst eit fjell – Diktsamling
  • 1993 – Ekornfolket frå Hundreårsskogen – Barnebok
  • 1997 – Åleine med orda – Dikt i samling
  • 1999 – Rypefolket i Snøfonndalen – Barnebok
  • 2009 – Rop hausten heim – Diktsamling
  • 2012 – Det måtte vera her – Dikt i utval, med CD

Omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Signe Seim (01.05.1929)»». forfatterkatalogen.no. Henta 2. mars 2013. 
  2. Signe Seim (1979). Sju frostnetter. Oslo: Det Norske Samlaget. s. Bakomslaget (vaskesetelen). ISBN 8252109489. 
  3. Signe Seim (1989). Det finst eit fjell. Oslo: Samlaget. s. Bakomslaget (vaskesetelen). ISBN 8252134351. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]