Signe Toly Anderson
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Signe Toly Anderson | |
| Verkeleg namn | Signe Toly |
| Fødd | 15. september 1941 |
| Instrument | Vokal |
| Stemmetype | Kontraalt |
|---|---|
| Sjanger | Folkrock, blues |
| Aktive år | 1965-1997 |
| Yrke | Songar |
| Tilknytte artistar | Jefferson Airplane, KBC, Jefferson Starship |
Signe Toly Anderson (fødd 15. september 1941) er ein amerikansk songar som var med på å starte det amerikanske rockebandet Jefferson Airplane.
Ho flytta til San Francisco i 1965 og vart oppdaga av Marty Balin då ho song på klubben «Drinking Gourd club». Han tilbaud henne rolla som songar i det nystarta bandet Jefferson Airplane.
I september 1965 gifta ho seg med lysteknikaren til bandet, Jerry Anderson. Dei fekk ei dotter i mai 1966 og i august same år kunngjorde ho at ho hadde tenkt å slutte i bandet, noko ho gjorde i oktober same året.
Diskografi [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Signe Toly Anderson» frå Wikipedia på bokmål, den 9. februar 2011.