Signet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Signet - av sølv med initialar «G.G.»

Signet (av latin signetum) er eit stempel til å lage avtrykk, spesielt i voks eller brevlakk. Avtrykka vert kalla «sigill eller segl». Signet kan ha ulike storleikar, og vere laga av ulike materiale. Eit signet har ei flate med inngravering som vert brukt til å laga avtrykk. Signet kan elles ha mindre eller større handtak, vere ein ring (signetring), henge i eit kjede, vere ein slipt stein eller anna.

Tidlegare var signet og sigill viktige innan rettsstellet, men i dag er dei for det meste til pynt. Signetet var viktigast før skrivekunsten vart utbreidd. Før det var det vanleg at også personar som representerte offentlege styresmakter ikkje kunne skrive namnet sitt på dokument og anna. Skikken i mellomalderen var at eit signet skulle bli øydelagt når eigaren døydde. Bønder peikt ut som lagrettemenn, hadde plikt til å ha signet for å kunne sette sigillavtrykk på dokument.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]