Sigrid Moldestad
| Sigrid Moldestad | |
| Fødd | 19. juli 1972 |
| Instrument | Fele, hardingfele og song |
| Sjanger | Folkemusikk |
| Aktive år | 1998– |
| Tilknytte artistar | Spindel |
| Plateselskap | NORCD, Musikkoperatørene |
| Nettside | www.spindel.biz |
Sigrid Terese Moldestad (fødd 19. juli 1972 på Breim i Gloppen kommune) er ein norsk folkemusikar som spelar fele og hardingfele, og syng.
Ho er utdanna ved Ole Bull Akademiet[sic] (1996–1998), og spela saman med Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes i Gamaltnymalt, som fekk Spellemannprisen 2005 i klassen folkemusikk/gammaldans for debutplata Gamaltnymalt. Ho spelar i duoen Spindel saman med Liv Merete Kroken og bandet deira, der Ivar Kolve, Olav Tveitane og Dagfinn Andersen også er med. Dei har gjeve ut platene Spindel og Aminje. Spindel var med Christine Guldbrandsen under Eurovision Song Contest 2006. Saman med Kroken og Unni Løvlid utgjer ho scene- og kabarettrioen Fjøgl. Ho har også vore songsolist på oppsetningar med Breimskoret, mellom anna som Édith Piaf. Moldestad vann også Spellemannprisen 2007 i klassen folkemusikk/gammaldans, for plata Taus, som var basert på musikken til felespelarar frå Nordfjord og Sunnmøre. I 2008 fekk ho kulturprisen til Gloppen kommune. I 2010 gav ho ut plata Sandkorn.
Ho gjekk på Firda vidaregåande skule frå 1988 til 1991, og arbeidde som programmedarbeidar i NRK Sogn og Fjordane og NRK P3 mellom 1993 og 1999. Ho vart frilansmusikar på fulltid i 2000, og hadde Statens arbeidsstipend for yngre folkekunstnarar i 2001 og 2002. Musikken hennar har rot i den vestnorske folkemusikktradisjon, men har samtidig eit eige uttrykk der moderne arrangement og rytmar er viktig.
Kjelder [endre]
- Sigrid Moldestad på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 20. mars 2010.
- Sigrid Terese Moldestad i Allkunne, innhenta 20. mars 2010.