Sigrid Undset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigrid Undset

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. mai 1882
Kalundborg
Død

10. juni 1949 (67 år)
Lillehammer kommune

Yrke romanforfattar, omsetjar, skribent, manusforfattar, prosaforfatter, lyrikar
Sjanger historisk roman
Medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, American Geographical Society
Religion katolisisme
Far Ingvald Undset
Mor Charlotte Undset
Ektefelle Anders Svarstad
Sigrid Undset på Commons
Sigrid Undset, fotografert av Carl Van Vechten i 1927.

Sigrid Undset (20. mai 188210. juni 1949) var ein norsk forfattar som mottok Nobelprisen i litteratur i 1928, «spesielt for sine mektige beskrivelser av livet i Norden i middelalderen». Ho skreiv på riksmål, og er mest kjend for romanane om livet i skandinaviske land i mellomalderen. Undset sitt mest kjende verk er Kristin Lavransdatter (publisert 1920–1922).

Undset vart fødd i Kalundborg i Danmark som dotter av arkeologen Ingvald Martin Undset og den danske kona hans. Då Sigrid var to år gamal flytta familien til Kristiania (Oslo).

Den lange yrkeskarrieren hennar tok til i Oslo, der ho arbeidde som kontordame. Ho sende tidleg romanmanuskript til forlaget Gyldendal i København. Direktør Peter Nansen nøgde seg med å svara: «Forsøk Dem ikke mer paa historiske romaner. Det kan De ikke.» Det skulle seinare visa seg at det var særleg som forfattar av historiske romanar Undset skulle verta verdskjend.

Ho debuterte i 1907, med samtidsromanen Fru Marta Oulie. Men gjennombrotet kom med romanen Jenny i 1911.

Ho arbeidde om natta frå ho var ung, åleine, medan ho drakk kaffi og røykte sigarettar. I arbeidet med dei historiske romanane fekk ho konsulenthjelp hjå ekspertise i historie, norrøne tekstar, teologi osb. når det var naudsynt.

Bilete frå Bjerkebæk, diktarheimen hennar på Lillehammer.

Frå 1919 av budde ho på Lillehammer, der ho fekk bygd ut eigedomen Bjerkebæk. Under skrivinga av Kristin Lavransdatter budde ho delvis på ein gard ved Husaby i Skaun, dit delar av handlinga i trilogien er lagt.

Sigrid Undset konverterte til den katolske kyrkja i 1924. Ho gav Den norske katolske kyrkja stor merksemd og stønad, var bidragsytar og redaksjonsmedlem av det katolske tidsskriftet St. Olav. I ei årrekkje skreiv ho for det katolske juleheftet Kimer i klokker, ho donerte pengar for bygging av eit katolsk kapell på slagstaden for slaget ved Stiklestad i Verdal. Ho stifta ei foreining for bøn for norske katolske prestekall, og eit legat for stønad til utdanning til unge katolikkar.

Dei litterære verka hennar handlar mellom anna om problem for bykvinner, og om konfliktane knytt til kvinner som braut med dei tradisjonelle kjønnsrollemønstra. Under den andre verdskrigen kom ho seg over til USA og arbeidde der for frigjering av Noreg.

Sigrid Undset var i ei årrekkje medlem av Forfattarforeninga sitt litterære råd, og formann 1935–40. Ho mottok storkorset av St. Olav i 1947.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Fru Marta Oulie (roman), 1907
  • Den lykkelige alder (noveller), 1908
  • Fortællingen om Viga-Ljot og Vigdis (roman), 1909
  • Ungdom (lyrikk), 1910
  • Jenny (roman), 1911
  • Fattige skjebner (noveller), 1912
  • Vaaren (roman), 1914
  • Fortællinger om kong Artur og ridderne av det runde bord (historie), 1915
  • Splinten av troldspeilet (roman), 1917
  • Tre søstre (essays), 1917
  • De kloge jomfruer (noveller), 1918
  • Et kvindesynspunkt (essays), 1919
  • Kristin Lavransdatter (romantrilogi), 1920–22 (Dei tre delane heiter «Kransen» (1920), «Husfrue» (1921) og «Korset» (1922).)
  • Vårskyer, 1921
  • Sankt Halvards liv, død og jærtegn, 1925
  • Olav Audunssøn i Hestviken (roman), 1925
  • Olav Audunssøn og hans barn (roman), 1927
  • Katholsk propaganda (essays), 1927
  • Gymnadenia (roman), 1929
  • Etapper (essays), 1929
  • Den brændende busk (roman), 1930
  • Hellig Olav, Norges konge (essays), 1930
  • Ida Elisabeth (roman), 1932
  • Etapper. Ny række (essays), 1933
  • To europeiske helgener, 1933
  • Elleve aar (sjølvbiografisk roman), 1934
  • Den trofaste hustru (roman), 1936
  • Norske helgener (historie), 1937
  • Selvportretter og landskapsbileder (historie), 1938
  • Madame Dorthea (roman), 1939
  • «Klosterliv» – «På pilegrimsferd» – «Sognekirken» (i Norsk kulturhistorie II), 1939
  • Sigurd and his brave companions. A tale of medieval Norway (barnebok), 1943
  • Tilbake til fremtiden (memoarar), 1945 (engelsk utgåve kom allereie i 1942)
  • Lykkelige dager (memoarar), 1947 (engelsk utgåve kom allereie i 1942)

Posthume utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Caterina av Siena (historie), 1951
  • Artikler og taler fra krigstiden (essays), 1952
  • Sigurd og hans tapre venner (roman), 1955
  • Sten Steensen Blicher (kulturhistorie), 1957
  • Østenfor sol og vestenfor måne (dramatisering for barneteater) 1959 (skrive 1927)
  • I grålysningen (roman), 1968 (skrive 1911)
  • Prinsessene i Berget det blå (barnebok) 1973 (skrive 1928)
  • Kjære Dea (brev), 1979
  • Fred på jorden (noveller), 1992
  • Tolv år (uferdig manuskript til sjølbiografisk roman), 1998

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]