Sigurd Bjørkedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigurd Bjørkedal

Sigurd Bjørkedal under bygging av sunnmørsottring i 1981
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. mai 1920
Volda kommune
Død

15. mars 2011 (90 år)

Yrke båtbyggar
Ein sunnmørsottring bygd av Sigurd Bjørkedal

Sigurd Asgeir Bjørkedal (fødd 6. mai 1920 i Bjørkedalen i Volda i Møre og Romsdal, død 15. mars 2011) var ein norsk båtbyggjar og bonde.

Som praktiserande båtbyggjar var han sentral i å ta vare på den gamle båtbyggjartradisjonen i Bjørkedalen. Saman med brørne Saxe og Jakob heldt han ved like kunnskapen om å bygge snedbetning, den gamle sunnmørsbåten. Bygginga av ein sunnmørsottring til Sunnmøre Museum på 1950-talet hadde stor betydning, sidan dei då kunne rådføre seg med eldre båtbyggjarar.

I 1973 bygde han ein kopi av Kvalsundskipet. Frå 1981, då han bygde ein ny sunnmørsottring, samarbeidde han med og overførte mykje kunnskap til sønene som har ført tradisjonen vidare etter faren.

I 1983 bygde dei knarren «Saga Siglar» til Ragnar Thorseth. Det er eit vikingskip bygd etter Skuldelev 1 som vart funnen ved Roskilde i Danmark. Med dette skipet gjennomførte Thorseth mellom anna ei jordomsegling.

Seinare overtok sonen Jakob ansvaret for båtbygginga. Sigurd var likevel ein viktig medhjelpar då det vart bygd kopi av Osebergskipet i 1987, og av Gokstadskipet i 1990.

Han var bror til Saxe Bjørkedal.

I 2009 fekk Sigurd Bjørkedal kongens fortenestmedalje i sølv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Karl Anders Helset: Kongens sølv til Sigurd Bjørkedal. KYSTEN Nr 1 2010