Sigurd Hille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sigurd Kolstrup Hille (fødd 6. mai 1950 i Bergen) er ein norsk politikar (H) som er stortingsrepresentant for Hordaland i 2013-2017.

Hille er cand.jur. frå Universitetet i Bergen frå 1977. Han har arbeiddt i mediebransjen som dagleg leiar for fleire lokalaviser i Hordaland, mellom anna Askøyværingen, Bygdanytt, Strilen og VestNytt. Seinare har Hille vore dagleg leiar i Avis Consult AS. Hille har vore medlem av hovudstyret i Næringslivets Hovedorganisasjon 1994–2007 og arbeidsutvalet 1999–2003. I perioden 2003–2007 var han formann i NHO Hordaland. Hille har også vore formann i Mediebedriftenes Landsforening.

Hille var medlem av Hordaland fylkesting 1976–1991 og fylkesutval 1980–1983. Frå 2006 har Hille vore nestleiar i styret i Helse Bergen HF.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]