Sigurd II av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sigurd Munn
Konge av Noreg
Regjeringstid 11361155
Fødd 1135
Død 1155
Føregjengar Kong Harald IV Gille
Born Håkon Herdebrei

Cecilia

(Sverre Sigurdsson)

Sigurd Munn eller Sigurd Haraldsson (11351155) var konge av Noreg og gjekk inn i kongerekka som Sigurd II.

Sigurd Munn var son av kong Harald IV Gille og frilla Tora Guttormsdottir. Han voks opp i Trøndelag og vart konge av Noreg etter faren i 1136, saman med broren Inge Krokrygg. Frå 1142 vart den eldre broen Øystein Haraldsson òg konge.

Dette var under den norske borgarkrigstida, og byrjinga av regjeringstida til Sigurd var prega av kamp mot tronkrevjarane Sigurd Slembe og Magnus Blinde. Desse to blei endeleg slått under slaget ved Hvaler i 1139.

Etter dette følgde ei fredeleg tid for samkongane. Då Øystein Haraldsson kom til landet frå Irland i 1142 blei han godteken som kongsson sidan Harald Gille hadde sagt han hadde ein son i Irland.

Etter kvart som dei voks til og rådgjevarane deira fall frå, tok likevel brørne til å uglesjå kvarandre. Dei møttest i Bergen i 1155 for å forsøka å halda på freda. Her skulda Inge Krokrygg dei to brørne sine for å ønskja å styrta han. Dette nekta Sigurd for, men då ein av hans menn drap ein av Inge sine vakter, gjekk Inge til handling. Han sende folka sine til huset Sigurd Munn heldt til, ovrrmanna han og drap han.

Etter at Sigurd døydde tok støttespelarane hans sonen Håkon Herdebrei som konge. I løpet av borgarkrigen som følgde skulle mange som kravde trona hevda å vera son til kong Sigurd. Sverre Sigurdsson var ein av dei som sa han var kongsson, og lukkast både med å overtyda folk om dette og med å bli konge av Noreg.