Sigurd Ibsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigurd Ibsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. desember 1859
Christiania
Død

14. april 1930 (70 år)
Freiburg im Breisgau

Yrke politikar, journalist, skribent, jurist
Språk norsk, tysk, italiensk
Politisk parti Venstre
Far Henrik Ibsen
Mor Suzannah Ibsen
Ektefelle Bergliot Ibsen
Sigurd Ibsen på Commons
Sigurd Ibsen teikna av Christian Krohg.

Sigurd Ibsen (23. desember 185914. april 1930) var ein norsk forfattar og politikar. Han var son av forfattaren Henrik Ibsen og kona Suzannah Ibsen. Som politikar representerte han partiet Venstre, og var norsk statsminister i Stockholm frå 1903 til 1905.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sigurd Ibsen som fjortenåring på benken ved sida av far sin under eit besøk på Sarabråten den 26. juli 1874.

Sigurd Ibsen vart fødd i Oslo. Gjennom oppveksten hadde folk høge voner til han, og han måtte streva heile livet for å nå mål andre sette for han. Ibsen utdanna seg til jurist med doktorgrad frå Roma i 1882. Han gifta seg i 1892 med Bergljot Bjørnson, dotter til Bjørnstjerne Bjørnson. Dei fekk ein son, Tancred Ibsen, som blei ein respektert filmregissør.

Utanrikstenesta[endre | endre wikiteksten]

I 1885 byrja Ibsen eit fireårig attachestipend i utanrikstenesta som han fekk mellom anna med hjelp frå faren Henrik Ibsen. Sigurd Ibsen arbeidde i Stockholm, Washington og Wien. Då stipendiet gjekk ut fekk han ikkje tilbod om fast stilling, berre om å fortsetja som uløna attaché, i følgje biografen Lars Roar Langslet fordi «Han var unionsfiendtlig, norskpatriotisk og en farlig mann for etaten». I staden for å gå med på vilkåra skreiv Ibsen fleire kritiske artiklar om tilhøva i tenesta i Dagbladet i 1890.

Ibsen forfølgde ein idé han allereie hadde kome med tidlegare, om at Noreg burde ha eit eige konsulatvesen. I 1899 oppnådde han å bli ekspedisjonssjef for det første norske utanrikskontoret då Stortinget oppretta dette i staden for den mindre utanriksavdelinga. I september 1902 blei dette døypt om til Departementet for udenrigske sager, handel, sjøfart og industri. Desse handlingane var steg på vegen til ei eiga norsk utanriksteneste, og dårleg likt på svensk hald. Seinare skulle konsulatsaka vera den utløysande årsaka til den norsk-svenske unionsoppløysinga.

Politikar[endre | endre wikiteksten]

Ibsen var norsk statsminister i Stockholm frå 1903 til 1905 medan George Francis Hagerup var statsminister i Kristiania (Oslo). Ibsen var ein sentral person i oppløysinga av unionen mellom Sverige og Noreg i 1905. Han er rekna som viktig i å overtala viktige personar som Bjørnstjerne Bjørnson, Arne Garborg og Fridtjof Nansen til å gå inn for monarki. Mange av desse ynskte opphavleg republikk som styreform.

Tenkjar og forfattar[endre | endre wikiteksten]

Sigurd Ibsen skreiv sakprosa og skjønnlitteratur – drama, bøker og kronikkar i avisene. Etter første verdskrigen budde han og familien helst utanlands, i Italia og Tyskland.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • 1891Unionen – politisk skrift
  • 1891De to udenrigsministres samvirken – politisk skrift
  • 1894Mænd og magter – essaysamling
  • 1894Konsulatsagen – politisk skrift
  • 1898Nationalt kongedømme – politisk skrift
  • 1901Spørgsmaalet om et særskilt norsk konsulatvæsens forhold til det fælles diplomati og dets fælles udenrigsstyre – politisk skrift
  • 1906 – «Da unionen løsnede» – artikkel i Samtiden
  • 1911Menneskelig kvintessens – filosofisk studie
  • 1912Udsyn og indblik – essaysamling
  • 1914Robert Frank – skodespel
  • 1917Erindringens tempel – skodespel
  • 1925Politikens motsætninger – essaysamling
  • 1997Bak en gyllen fasade : Sigurd Ibsens brev til familien 1883-1929 – ei samling brev utvalde og presenterte av Bodil Nævdal.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.