Sigurd Jorsalfare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Kong Sigurd og mennene hans rir inn i Miklagard»
Teikning av Gerhard Munthe til Heimskringla.
Gerhard Munthe: Kong Sigurd og Kong Baldvine rir frå Jorsalaborg til elva Jordan.

Sigurd Magnusson Jorsalfare (10901130), rekna som Sigurd I av Noreg, var konge av Noreg frå om lag 1103 til 1130.

Sigurd var son av kong Magnus III Olavsson Berrføtt. Han overtok kongedømet saman med brørne Øystein I Magnusson (om lag 10881123) og Olav Magnusson (10991115) då faren døydde i 1103. Sigurd Jorsalfare var einekonge frå 1123. Sigurd var gift med dronning Malmfred av Russland.

Tilnamnet «Jorsalfare» fekk Sigurd av di han i fleire år var på korstog. Han skal ha vore i Jerusalem, som på norrønt var «Jorsal».