Sihlsee
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Sihlsee | |
|---|---|
|
|
|
| Stad | kantonen Schwyz |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Type innsjø | reservoar |
| Tilsig | Sihl, Minster |
| Utsig | Sihl |
| Tilknytte land | |
| Største lengde | 8,5 km |
| Overflateareal | 11,3 km² |
| Største djupne | 17 m |
| Vassvolum | 96 mill. m³ |
| Høgd over havet | 889 moh |
| Busetnadar | Gross, Willerzell, Birchli, Euthal |
Sihlsee er ein kunstig innsjø nær Einsiedeln i kantonen Schwyz i Sveits.
Innsjøen er den største kunstige innsjøen i Sveits i forhold til overflateareal og har ei lengd på 8,5 km og ei breidde på 2,5 km. Den største djupna er 17 m.
Kraftverkprosjektet starta i 1932. Det vart bygd ei betongdemning og to viadukter over innsjøen vart bygde før den øvre Sihldalen vart lagt under vatn i 1937. 55 gardar vart då heilt øydelagde og 1762 personar måtte forlate heimane sine.
Sihlsee har eit volum på om lag 96 millionar m³ og gjev vatn til Etzelwerk i Altendorf i Schwyz.
Betongdemningen er 33 meter høg og 124 meter lang.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Sihlsee» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: