Siim Kallas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Siim Kallas (2010)
Siim Kallas saman med George W. Bush.
Foto: US DOS

Siim Kallas (fødd 2. oktober 1948 i Tallinn i Estland) er ein estisk og europeisk liberal politikar og tidlegare statsminister i Estland. Han har sidan mai 2004 vore medlem av EU-kommisjonen, fyrst som kommissær for økonomiske og monetære spørsmål, og frå november 2004 som visepresident og kommissær for administrasjon, revisjon og kamp mot bedrageri.

Kallas tok i 1975 eksamen i faga finans og kreditt frå Universitetet i Tartu. Han arbeidde deretter i det sovjetiske finansministeriet for Estland og for sentralforeininga av estiske sparebankar. Han var frå 1972 til 1990 medlem av det sovjetiske kommunistpartiet. Frå slutten av 1980-talet hadde han ei kritisk haldning til den økonomiske avhengnaden til Estland, og han spela ei viktig rolle i frigjeringa frå Sovjetunionen. I 1991 vart Kallas direktør for den estiske sentralbanken, der han leidde valutareforma i landet og la grunnlaget for dei omfattande økonomiske reformene Estland gjekk gjennom.

Siim Kallas grunnla i 1994 det liberale partiet Eesti Reformierakond. Han var frå starten og fram til 2004 leiar av dette partiet. I 1995 vart han fyrste gong innvald i nasjonalforsamlinga Riigikogu. Seinare same år vart han utnemnd til utanriksminister. I åra 1999 til 2002 var Kallas finansminister, og deretter var han statsminister i Estland frå 2002 til 2003.

I 2000 vart Siim Kallas tildelt Bundesverdienstkreuz, fortenstordenen til Forbundsrepublikken Tyskland, i 2001 vart han utnemnd til storoffiser i den franske Æreslegionen og i 2003 vart han tildelt den estiske fortenstordenen av andre klasse. Kallas er gjesteprofessor ved Universitetet i Tartu.

Siim Kallas er gift og har to born.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Siim Kallas