Sikhar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sikhar og ein turist ved Det gylne tempelet i Amritsar i Panjab.
Langar, eit fellesmåltid laga av frivillige, er ein viktig del av sikhismen. Her under sikh-høgtida baisakhi.
Sikhar i Canada feirar baisakhi.

Sikhar er ei gruppe folk som følgjer religionen sikhisme. Ordet «sikh» (śikṣa) tyder 'følgjesvein' eller 'student' . Sikhane følgjer sikh-guruane, der den siste av dei er den heilage boka Guru Granth Sahib. Etternamnet Singh er svært vanleg for menn og Kaur for kvinner.

Innvigde sikhar tilhøyrer ei gruppe kalla khalsa. Dei er kjenneteikna av «dei fem K-ane»: Uklipt hår (kesh), ein armring av jern eller stål (kara), at dei eit lite sverd (kirpan), kam (kanga) og underbukser (katsjehra). Innvigde menn og nokre kvinner dekkjer håret med ein turban. Viktige verdiar å halda for ein innvigd sikh er å tru på éin gud, rekna berre Guru Granth Sahib som heilag skrift, leva eit ærleg, arbeidsamt og gåvmildt liv, halda seg unna alkohol, røyking og andre rusmiddel og ikkje tru på kaste, urøyrlegheit, magi, astrologi og ulike rituale knytte til andre religionar (særleg hinduisme og islam).

Sikhismen oppstod i Panjab, og dei fleste sikhar har panjabisk opphav og panjabi som morsmål. Det bur i dag rundt 19 millionar sikhar over heile India, men dei er berre i majoritet i Panjab. Store mengder sikhar har migrert til fleire stader i verda, som Storbritannia, USA, Canada, Malaysia og Australia. Det finst også eit mindre tal sikhar av anna opphav enn panjabisk, særleg gjennom Harbhajan Singh Yogi sin organisasjon 3HO (Happy, Healthy, Holy).

Sidan sikhane blei undertrykte av det muslimske Mogulriket har religionen lagt vekt på ein krigarkultur som har ført til at sikhar har utmerka seg som soldatar og politifolk både i India og elles i verda. I 2008 var til dømes 10-15 % av alle soldatane og rundt 20 % av offiserane i den indiske hæren sikhar, medan sikhar berre utgjer 1,87 % av folketalet i India. Troppar av sikhar, kjende som Sikh Regiment, kjempa på britisk side i første og andre verdskrigen, og deltok på fleire krigsskodeplassar.

Kjende sikhar[endre | endre wikiteksten]

I Noreg

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sikhar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.