Sikhote-Alin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amurtigrar held til i Sikhote-Alin

Sikhote-Alin (russisk Сихотэ-Алинь) er ei fjellkjede i Primorskij og Khabarovsk kraj i Russland som strekkjer seg om lag 900 km nordaustover frå den russiske stillehavsbyen Vladivostok. Dei høgaste fjelltoppane er Tordoki Jani (2077 moh), Ko (2003 moh) i Khabarovsk kraj og Anik (1933 moh) i Primorskij kraj.

Sikhote-Alin utgjer ein av dei mest særeigne tempererte sonene i verda. Artar som er vanlege for nordleg taiga (som reinsdyr og brunbjørn) lever side om side med tropiske artar som amurleopard, sibirsk tiger og himalayabjørn. Det er lite ulv i regionen på grunn av konkurranse frå tigrane.[1] Det eldste treet i regionen er eit tusen år gammalt japansk barlind.[2]

I 1910- og 1920-åra vart Sikhote-Alin utforska av Vladimir Arsenjev (18721930) som skildra reisene sine i fleire bøker, mellom anna Dersu Uzala (1923), som i 1975 vart ein Oscarvinnande film av Akira Kurosawa. Det store Sikhote-Alin og Lazoreservatet vart i 1935 oppretta for å bevare det unike dyrelivet i regionen.

I 2001 vart Sikhote-Alin ein del av verdsarva til UNESCO. Verdsarvområdet dekkjer eit areal på 16 319 km².[3] I dette areal ligg ei kjernesone som berre kan vitjast i lag med følgje.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sikhote-Alin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]