Sikkerheitskopiering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sikkerheitskopi)
Konfigurasjonsdialog i sikkerheitskopiprogrammet Grsync.

Sikkerheitskopiering av data vert utført for å hindra tap at data på grunn av feil på eller havari av platelagret på ei datamaskin, at data vert sletta ved eit uhell, brann, eller annan katastrofe.

Lagringsmedia[endre | endre wikiteksten]

Mange ulike typar lagringsmedia vert nytta for sikekerheitskopiering, avhengig av kor mykje data som skal lagrast, krav til sikkerheit, teknologisk utvikling og så vidare.

Magnetband[endre | endre wikiteksten]

Magnetband har tradisjonelt vorte nytta i profesjonell samanheng, mykje på grunn av at prisen har vore lågare enn for platelager, men òg på grunn av stor skrivehastigheit. At magnetband er eit sekvensielt medium har ikkje så mykje å seia for sikkerheitskopiering. Magnetband har dessutan synt seg å ha liten feilrate og lang levetid. Det finst svært mange ulike format, for ulike marknadar, noko som gjer at det naudsynt å planlegga nøye før ein vel eit format.

Platelager[endre | endre wikiteksten]

Dei siste åra har det vorte meir vanleg å nytta platelager for sikkerheitskopiering, på grunn av at kapasiteten har auka kraftig medan prisen har gått ned. Platelager er lettare å nytta enn magnetband, etter som ein slepp å bytta band og ein har tilfeldig (ikkje sekvensiell) tilgang, noko som gjer det snøggare å henta data frå sikkerheitskopien. Eksterne platelager kan tilknytast via USB, IEEE-1394 (Firewire), eSATA, Ethernet, og så vidare. Nettverkstilslutta datalager er spesiallaga einingar for sikkerheitskopiering med Ethernett-tilkopling. NAS har fleire platelager med RAID, slik at om det oppstår feil på eit platelager kan det byttast ut, utan tap av data, ofte utan å slå av eininga.

Optiske media[endre | endre wikiteksten]

Optiske media, som CD, DVD og Blu-ray, men skrivehastigheita er låg og dei høver best for små datamengder. Prisen er låg og dei vert ofte nytta av privatpersonar.

Halvleiarlager[endre | endre wikiteksten]

For små datamengder eller form midlertidig sikkerheitskopi, kan ein òg nytta ulike former for halvleiarlager, som eksterne flashlager, USB minnepinne, og så vidare.

Kopieringsstrategi[endre | endre wikiteksten]

Fleire ulike strategiar for sikkerheitskopiering er i bruk, tilpassa kor mykje data ein tek vare på. kor viktig data ein tek vare på og så vidare. Som oftast er det brukardata det vert teke sikkerheitskopi av. På ein Linux-distribusjon vert det ofte teke sikkerheitskopi av alt under katalogen /home/. Ein får då med alle brukarspesifikke konfigurasjonar. På Windows-maskinar ligg brukardata under Mine Dokument.

Å ta sikkerheitskopi av operativsystemet er ofte ikkje naudsynt, etter som ein vanlegvis har ein kopi av installasjonsmediet. Men om ein har lagt ned mykje arbeid i å installera programvare og ulike systemkonfigurasjonar kan det vera fornuftig å ta sikkerheitskopi av heile installasjonen. Ein nyttar då som oftast eit verktøy som kopierer eit bilete av heile platelagret. Denne metoden vert òg nytta når same konfigurasjon skal spreiast til fleire like maskinar i eit nettverk.

Fullstendig kopi[endre | endre wikiteksten]

Ein fullstendig kopi av all data på ei datamaskin er nyttig når ein ynskjer å ta vare på ein «god konfigurasjon», slik at ein kan gå attende til denne om ein får problem med installasjonen seinare, eller om platelagret havarerer. Å ta fullstendig kopi dagleg, kvar veke eller månad krev stor plass, så dette er ikkje ein utbreidd strategi. Men mange tek ein fullstendig kipi av brukardata ein gong eller to i året.

Inkremental kopiering[endre | endre wikiteksten]

Ved inkremental sikkerheitskopiering startar ein med ein full sikkerheitskopi og deretter vert berre data som er endra sida siste kopiert. Dette fører til at ein sparer mykje plass og kan ta sikkerheitskopi til dømes kvar natt utan at det fører til sløsing med plassen. For å henta fram filer frå ein slik sikkerheitskopi treng ein å ha tilgang til den opphavlege fulle kopien ein starta med og alle inkrementale kopiane. Når ein nyttar denne metoden bør ein difor gjera bruk at eit sikkerheitskopiprogram som automatisk set saman dei ulike inkrementale kopiane. Slike program har ofte eit filutforskarliknande brukargrensesnitt, der ein ser filer og katalogar på same måte som i ein vanleg filutforskar.

Differensial kopiering[endre | endre wikiteksten]

Nr ein nyttar differensial sikkerheitskopiering startar ein òg med ein full sikkerheitskopi og ved kvar påfylgjande sikkerheitskopiering vert alle file som er endra etter den fullstendige sikkerheitskopieringa kopierte. Denne fører til at ein treng meir plass enn ved differensial sikkerheitskopiering. Ved denne metoden kan det vera fornuftig å ta fullstendig sikkerheitskopi oftare enne om ein nyttar inkremental sikkerheitskopiering.

Lagring av media[endre | endre wikiteksten]

Media med sikkerheitskopiar bør lagrast sikkert, slik at dei ikkje vert usette for brann, fukt, temperatursvingningar, tyveri og så vidare. Å oppbevara dei i eit låst brannsikkert rom reduserer faren for tap. Risikoen kan òg reduserast ved å lagra kopiar i ulike bygningar. Eit alternativ er å lagra dei på eit fjernlager, med netttilgang.

Sikkerheit[endre | endre wikiteksten]

Mange fjernlagringstenester har synt seg å ha mangelfull sikkerheit [1][2]. Om ein nyttar ei slik teneste bør ein difor syta for at viktig data (som til dømes konstruksjonstekningar, kundekartotek, osb.) eller følsam data (pasientjournalar til dømes) vert krypterte. Kryteringa bør da utførast før ein lastar opp data, ettersom mange fjernlagertenester gjev spionorgansisasjonar tilgang til data som vert langra. Dette innkluderer òg data som vert krytert med tenesta si krypteringsteneste [3]. For å hindra innsyn kan ein kryptera alt innhaldet på platelagret. Kor sterk kryptering ein nyttar er avhengig av kor følsam data ein handsamar. Særleg følsam data bør kanskje lagrast lokalt i eit brann og innbrotsikkert rom.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sætre, J., Dataekspert slaktar nettskyene: Slik unngår du «bildesjokk», Nrk.no, 29/7-2013.
  2. Naughton, J., Edward Snowden's not the story. The fate of the internet is, theguardian.com, 28(7-2013.
  3. Greenwald, G., MacAskill, E., Poitras, L., Ackerman, S. og Rushe, D., Revealed: how Microsoft handed the NSA access to encrypted messages, guardian.co.uk, 11/7-2013.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.