Sikkim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sikkim
Geografisk plassering

Delstat i India

Hovudstad Gangtok
Flatevidd

 - Rangering i India

7 096 km²

27..

Folketal (2001)

 - Rangering i India
 - Folketettleik

540 493

28..
76,17/km²

Grunnlagd 16. mai 1975
Offisielle språk Nepali
Guvernør
Øvste minister
V. Rama Rao
Pawan Kumar Chamling
Nettstad sikkim.nic.in

Sikkim er ein indisk stat i Himalaya. Det er den minst folkerike staten i India og den nest minste i flatemål. Sikkim var ein uavhengig stat styrt av Chogyal-monarkiet fram til 1975, da ei folkeavstemning gav fleirtal for å innlemme Sikkim i India som den 22. staten. Sikkim, som er ein rein innlandsstat, grensar til Nepal i vest, Tibet i nord og aust og Bhutan i søraust. I sør ligg den indiske staten Vest-Bengal. Det offisielle språket i Sikkim er nepali og dei mest utbreidde religionane er hinduisme og vajrayana-buddhisme. Gangtok er hovudstaden og den største byen.

Yumthangdalen i det nordlege Sikkim.
Foto: Nichalp, desember 2004

Sikkim ligg ved foten av Himalaya-fjella, og den vesle staten har derfor mykje variasjon i landskapsformer og klimasonar — frå tropeklima i sør til tundra i nord. Kantjendjunga — verdas tredje høgste fjell — ligg i Sikkim, nær grensa til Nepal. På grunn av ryet for urørt fjellnatur og politisk stabilitet er Sikkim ein av dei mest vitja statane i India.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.