Sikt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sikt er eit mål på den lengste avstanden ein kan sjå ein lekam eller eit lys på. God sikt er viktig i alle former for trafikk, både på vegen, på sjøen og i lufta. Den meteorologiske sikten omhandlar kor gjennomsiktig lufta er, og viss lufta er den same vil sikten vere lik både på dagtid og om natta.

Innan luftfart er sikt definert som:

  • den største avstanden ein kan sjå ein svart lekam med ein viss storleik på ein kvit bakgrunn.
  • den største avstanden ein kan sjå og identifisere eit lys med ein styrke i nærleiken av 1000 candela.

I luftfart har ein òg ein eigen definisjon for rullebanesikt.

Ein veg i morgontåke

I svært rein luft som i Arktis eller i fjellområde kan sikten vere opp mot 70 til 100 km. Men sikten vert redusert av luftforrureining og i høg fukt. Dis i form av tørrdis og tåkedis, kan redusere sikten ein god del, medan ein i tåke og røyk kan ha bortimot null sikt. Det same kan skje i sandstormar. Kraftig regn (til dømes frå ei torebyge) gjev òg dårlegare sikt, og det same kan snøstormar og snøfokk føre til.

Visst sikten er mindre enn 1500 m, reknar ein det for å vere dårleg sikt. Sikt mindre enn 100 m vert vanlegvis rapportert som null sikt. I desse tilfella kan vegar verte stengde eller ein kan ha autmatiske åtvaringslys som varslar sjåførane. Slike lys kan ein sette opp i område som er kjend for å ofte ha dårleg sikt, og ofte blir det gjort langs vegar som har hatt store kjedekollisjonar. I Noreg vert derimot dette lite brukt.

Flytrafikken kan ofte verte forseinka når sikten er dårleg fordi flya må bruke reglar for instrumentflyging og ha større avstand mellom seg.

Sikt er òg eit mål på spreiinga av lys. Anten vert noko lys sendt ut og eit måleapparat måler kor mykje av lyset som kjem fram, eller så måler ein spreiingsmengda direkte.

Sikt vert òg brukt som eit mål på kor grumsete eit vatn er.